Thomas D'Arcy McGee

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Thomas D'Arcy McGee
McGee-sm.jpg
Fødd 13. april 1825
Carlingford
Død

7. april 1868
Ottawa

Yrke politikar, journalist, skribent, lyrikar
Thomas D'Arcy McGee på Commons

Thomas D'Arcy Etienne Hughes McGee (13. april 18257. april 1868) var ein irsk-kanadisk politikar, journalist og diktar, kjend som ein katolsk talsmann og far til den kanadiske konføderasjonen, prosessen som gjorde dei gjenverande nordamerikanske koloniane til dominionen og seinare staten Canada.

Som ung arbeidde McGee for eit bondeopprør på Irland for å kasta det britiske kolonistyret. I 1848 flykta han til USA for å unngå å bli arrestert. Her endra han politisk ståstad; han blei stadig meir konservativ både i politikken og støtta si til paven. I 1857 flytta han til Canada, og arbeidde hardt for å overtyda dei irske katolikkane der om å samarbeida med dei protestantiske britane i å skipa ein konføderasjon. Den sterke støtta hans til konføderasjonen har gjeve han tilnamnet «Canadas første nasjonalist».[1] Han kjempa imot Fenian Brotherhood, irske katolikkar som kjempa mot britane. Etter å ha hjelpt til med å skipa konføderasjonen i 1867, blei han drepe av Fenian-sympatisørar i 1868.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Richard Gwyn, John A: The Man Who Made Us, Vol I. Vintage Canada, 2008: pg. 217

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]