Thomas Eidem

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Thomas Eidem
Fødd 31. januar 1859
Sykkylven
Død

1954

Yrke politikar

Bastian Thomas Laurits Johannesson Eidem (31. januar 18591954) var ein norsk lærar, ordførar og stortingsmann frå Sykkylven. På Stortinget representerte han Venstre og mellom anna Tromsø by.

Foreldra var gardbrukarar. Sjølv tok han eksamen ved Tromsø seminar i 1877 og mellomskuleeksamen i 1881. Han var lærar i Lenvik 1877-79 og ved ein privatskule i Nannestad 1881-83. Frå 1884 til -92 var han styrar av ein privat mellomskule i Harstad, sidan 1892 var han lærar i Tromsø i ti år. Han underviste ved Tromsø lærarskule frå 1902 til -18. Åra 1919-26 var han borgarmeister i Troms. Den lange perioden 1912 til 1938 administrerte han hypotekbanken sitt lånekontor i Tromsø.

Eidem var formann i Tromsøs vinstrelag 1894-1925 og 1928-30. Han fekk plass i bystyret i Tromsø i 1896, perioden 1898-1919 var han medlem av formannskapet. Han var ordførar i byen 1900-1904, 1906 og 1910-13. 1928-31 var han atter medlem av Tromsø bystyre. Elles var han formann i Tromsø lærarforeining og i Troms lærarforeining. Han var og styremedlem av Det Norske Teatret frå 1915, formann 1917-18.

Eidem var med å skipe det første regionale mållaget i Nord-Noreg, Nordmannalaget, som var ein forløpar for Troms og Finnmark mållag. På skipingsmøtet 16. juli 1899 blei han valt til formann i laget.

I dei to valbolkane mellom 1913 og -18 representerte Eidem Tromsø krins og Venstre på Stortinget, heile vegen medlem av sosialkomiteen. Perioden 1925-27 var han 3. representant for Venstre og den samanslegne bykrinsen Bodø, Narvik, Tromsø, Hammerfest, Vardø og Vadsø. Han var då nestformann i justiskomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914