Thomas Fasting

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Thomas Fasting
Fødd19. mars 1852
Levanger
Død25. november 1925
Kristiansund
NasjonalitetNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar, banksjef

Thomas Fasting (19. mars 185225. november 1925) var ein norsk jurist, banksjef og politikar for Venstre, fødd i Levanger. Stortingsmann Christian Frederik Fasting var farbror hans.

Fasting var son til ein tollkasserar. Etter studenteksamen ved latinlinja ved Kristiansunds høgre allmennskule i 1868 og juridisk embetseksamen i 1872, var han fullmektig hos sorenskrivaren i Romsdal.

Etter ein periode i Indredepartementet i 1874 slo han seg ned i Kristiansund som overrettsakførar. I tillegg var han sjef for Trondhjems Privatbank si avdeling i Kristiansund 1884–92 og Kristiansunds Sparebank frå 1893. Frå 1893 til 1919 var Fasting sorenskrivar i Nordmøre. Ved sidan av den offentlege stillinga dreiv han privat både skipsreiarlag, handels- og spekulasjonsforretning.

Fasting var medlem av Kristiansund bystyre 1882-1901, ordførar 1889-91. Perioden 1892-94 representerte han Kristiansund på Stortinget og var varamann 1898-1900. Ettersom Hans Rasmus Astrup brådøydde i februar 1898, rykte Fasting til fast plass 7. mars 1898. Grunna sjukdom møtte han ikkje 1898/99-sesjonen og var permittert 9. januar-15. februar 1900. Stortingsbolken 1906-09 representerte han einmannskrinsen Kristiansund på Tinget, i alle år sokna han til Høgre-leiren. Han var 1892-94 medlem av Lagtinget og tollkomitéen og 1898-1900, samt 1907-09 av næringskomité nr 2, siste treårsbolken som komiteformann. I 1908 sa Fasting nei til å vere med i regjeringa som Gunnar Knudsen var i ferd med å danne.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]