Thomas Fearnley

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Thomas Fearnley
Thomas Fearnley.png
Fødd 27. desember 1802
Halden
Død

16. januar 1842
München

Yrke kunstmålar
Thomas Fearnley på Commons
Slindebirken, 1839, vert rekna til hovudverka
Labrofossen, 1837
Grindelwaldgletsjeren, 1838

Thomas Fearnley (27. desember 180216. januar 1842) var ein norsk målar, elev av den norske nasjonalromantikkens far J.C. Dahl. Fearnley var sjølv ein viktig aktør i nasjonalromantikken i norsk målekunst.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Fearnley var frå Halden, son til ein rik kjøpmann. Han tok til på den då nyskipa teikneskulen i Kristiania. Ein av medelevane, Henrik Wergeland, vart hans ven og første biograf. Ei tid gjekk Fearnley på akademiet i København, men studerte så tre år (1824-27) landskapsmåling hos professor Carl Johan Fahlcrantz på akademiet i Stockholm. Under ei studiereise på Vestlandet sommaren 1826 møtte han J.C. Dahl. Av Dahl lærte han å studere naturen, ei innstilling som vart styrkt av studiet hos C.W. Eckersberg i København.

Hausten 1828 reiste Fearnley til Dresden i Tyskland, og var i halvt anna år elev av J.C. Dahl. Fearnley slo seg så i 1830 ned i München, ein by som skulle verte eit kunstsentrum under entusiasten kong Ludvig av Bayern. Fearnley likte å flakke rundt og hente nye inntrykk. Frå München drog han på utferder til Italia, Paris, London og rundt om i England, til Sveits, Nederland, Tyskland og Noreg.

Fearnley vart påverka av mellom andre Caspar David Friedrich, John Constable og William Turner. Som romantikar heldt han seg til motiv av mektige fjell og fossestryk, særleg i sine monumentale verk. Labrofossen (1837), Grindelwaldgletsjeren (1838) og Slindebirken (1839) vert alle rekna mellom hans hovudverk.

Fearnley var ein uvanleg gåverik målar, som arbeidde lett og med ein fart og friskleik som imponerte samtida. Han var ein sikker kompositør, med rik koloritt og sikker penselføring. Hans glade og opne natur tok lett mot nye inntrykk, dette kunne gje kunsten hans ein viss mangel på åndeleg innleving. Studiane og skissene hans viser best kor framifrå målar Fearnley var, med frisk naturkjensle, fin koloritt og frodig skaparglede i penselstroka.

Fearnley var far til skipsreiaren Thomas Nicolay Fearnley og bror til astronomiprofessor Carl Fredrik Fearnley.

Han døydde i München, etter ei kort sjukelege.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]