Thomas Fearnley (1880–1961)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Thomas Fearnley (1880–1961)
Thomas Fearnley (1880–1961).jpg
Fødd 16. januar 1880
Christiania
Død

10. januar 1961
Oslo

Yrke reiar, idrettsleder

Thomas Fearnley (16. januar 188010. januar 1961) var ein norsk skipsreiar og idrettsleiar. Han var medlem av Den internasjonale olympiske komitéen (IOC) gjennom fleire tiår, og stifta Fearnleys olympiske ærespris og Thomas Fearnleys Bidrags- og Gavefond.

Thomas Fearnley var son av skipsreiar Thomas Fearnley og bror av godseigar N.O. Young Fearnley. Han var medeigar av reiarlaget Fearnley & Eger frå 1908 og seniorsjef der frå 1921 til 1942. Frå 1938 var han medeigar av selskapet Fearnley & Astrup. Han var president i Norges Rederforbund 1918–21, og sat også som styremedlem i større selskap også utanfor skipsfarten.

Fearnley hadde stor innverknad på utviklinga av norsk skipsfart, mellom anna linjefarten. Under den første verdskrigen og hausten 1939 hadde han ei leiande rolle i norske tonnasjeforhandlingar med Storbritannia. Fearnley var delegert ved den økonomiske verdskonferansen i London i 1933.

Som far sin var Fearnley svært interessert i kunst og idrett. Han var skihoppar, og deltok nokre år i Holmenkollrennet. Han lærte seg å lika golf, tennis og galoppsport i Storbritannia, og i 1909 var han initiativtakar til å skipa og den første presidenten av Norges Lawn Tennis forbund (no Norges Tennisforbund). Han var med på å skipa Norsk Jockeyklub i 1932 og var president der frå skipinga og fram til 1940.

Han var medlem av Den internasjonale olympiske komitéen (IOC) frå 1927 til 1950. I 1939 oppretta han Thomas Fearnleys Bidrags- og Gavefond, og i 1952 stifta han Fearnleys olympiske ærespris.

For arbeidet sitt med skipsfartsforhandlingane og i Rederforbundet under verdskrigen og etterpå fekk Fearnley fleire ærestilvisingar. Han blei utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden i 1921 og fekk kommandørkrossen med stjerne i 1960. Han var kommandør av Dannebrogordenen, den svenske Vasaordenen og Den britiske imperieordenen, og offiser av den franske Æreslegionen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]