Thomas Häßler

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Thomas Häßler
Thomas Häßler (cropped).jpg
Personleg informasjon
Fullt namn Thomas Jürgen Häßler
Fødselsdato 30. mai 1966 (53 år)
Fødestad Vest-Berlin i Vest-Tyskland
Høgd 166 cm (5 ft 5 in)
Posisjon Midfielder
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1984-1990 FC Köln 149 (17)
1990-1991 Juventus 32 (1)
1991-1994 Roma 88 (11)
1994-1998 Karlsruher 118 (28)
1998-1999 Borussia Dortmund 18 (2)
1999-2003 1860 München 115 (21)
2003-2004 Austria Salzburg 19 (1)
Totalt 539 (81)
Landslag
1988-2000 Tyskland 101 (11)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Thomas Jürgen Häßler (fødd 30. mai 1966 i Vest-Berlin) er ein tysk tidlegare fotballspelar frå Vest-Berlin som vart verdsmeister med Vest-Tyskland i 1990 og europmeister med Tyskland i 1996.

Midtbanespelaren Häßler spelte 101 landskampar for (Vest-)Tyskland i tida 1988-2000, og var med i samtlege seks meisterskapsturneringane i åra frå VM 1990 til EM 2000. Allereie i VM i fotball 1990 opplevde han å verte verdsmeister då Vest-Tyskland slo Argentina 1-0 i ein sjansefattig finale. To år seinare var Häßler ein av dei mest framståande aktørane i EM i fotball 1992, men kunne ikkje hindre at Danmark slo Tyskland 2-0 i finalen. Derimot lukkast han verte europmeister då Tyskland vann EM-finalen 1996 på såkalla «golden goal». Frisparkspesialisten Häßler skåra 11 landslagsmål.

På klubbnivå var Häßler innom sju ulik klubbar i tre land i tidsromet 1984-2004. Lengst spelte han for FC Köln (1984-90), AS Roma (1991-94), Karlsruhe (1994-98) og 1860 München (1999-2003). Med Köln deltok han i UEFA-cupfinalen i 1986, der det vart tap, og han fekk seriesølv med laget både i 1989 og 1990. Sidan måtte han bokføre tap i den italieneske cupfinalen 1993 med AS Roma og i den tyske cupfinalen 1996 med Karlsruhe.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]