Thomas Helmer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Thomas Helmer
Helmer i 2010
Personleg informasjon
Fødselsdato 21. april 1965 (58 år)
Fødestad Herford i Vest-Tyskland
Høgd 185 cm
Posisjon Midtstoppar, defensiv midtbanespelar
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1984-1986 Arminia Bielefeld 39 (5)
1986-1992 Borussia Dortmund 190 (16)
1992-1999 Bayern München 191 (24)
1999-2000 Sunderland 2 (0)
1999 Hertha Berlin (lån) 5 (1)
Totalt 427 (46)
Landslag
1990-1998 Tyskland 68 (5)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Thomas Helmer (fødd 21. april 1965 i Herford) er ein tysk tidlegare fotballspelar frå Herford. Midtstopparen vart europameister med Tyskland i 1996 og tok EM-sølv i 1992. Med Bayern München vann han to seriemeistertitlar og UEFA-cupen 1996.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Helmer ligadebuterte på Arminia Bielefeld våren 1985. Sommaren 1986 vart han overført til Borussia Dortmund, ein klubb han tente i seks år. Med Borussia vann han den nasjonale cupen i 1989 og spelte UEFA-cupfinale våren 1992. Like etterpå skifta han over til Bayern München mot eit vederlag på 7,5 tyske mark. Dei neste sju sesongane spelte han på det bayerske storlaget, og sikra han seg to bundesliga-titlar, ein UEFA-cuptriumf og ein nasjonal cuppokal. Sesongen 1999/2000 var han innom både engelske Sunderland AFC og meir heimlege Hertha Berlin før han la opp.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

I oktober 1990 fekk Helmer sin landslagdebut då Tyskland gjesta Sverige og vann 3-1 over heimelaget. Knappe to år seinare var han tilbake i Sverige, og var på plass i forsvarsrekka då Tyskland måtte sjå seg slått av Danmark i EM-finalen i Göteborg. Ytterlegare to år etter, under VM i fotball 1994 i USA, rauk han og Tyskland ut or meisterskapen då Bulgaria vart for sterke i kvartfinalen. Ved EM i fotball 1996 i England deltok Helmer i alle dei seks kampane, i ei turnering Tyskland vann etter 2-1 mot Tsjekkia på «golden goal». Han spelte sin 68. og siste landskamp 29.juni 1968 i franske Montpellier, og vart bytta ut då Tyskland tok seg vidare frå åttedelsfinalen under fotball-VM 1998 med siger over Mexico. Helmer skåra fem landslagsmål, tre av dei i dei siste sju kampane.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Europameister: 1996 med Tyskland
  • EM-sølv: 1992 med Tyskland
  • Vinnar av UEFA-cupen: 1996 med Bayern München
  • Tysk seriemeister: 1994 og 1997 med Bayern München
  • Vesttysk cupmeister (DFB-cupen): 1989 med Borussia Dortmund
  • Tysk cupmeister (DFB-cupen): 1998 med Bayern München
  • Finalist i UEFA-cupen: 1992 med Borussia Dortmund
  • Finalist i DFB-cupen: 1999 med Bayern München

Kjelder[endre | endre wikiteksten]