Thomas Henrik Hammer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Thomas Henrik Hammer
Fødd 10. juli 1815
Toten
Død

16. februar 1900
Eigersund kommune

Yrke politikar, jurist

Thomas Henrik Hammer (10. juli 181516. februar 1900) var ein norsk embetsmann frå Toten. Han var stortingsmann frå Stavanger amt 1859-61.

Hammer var son til ein landhandlar på Rogneby i Østre Toten. Sjølv studerte han jus og vart cand.jur. i 1839. Der etter var han sorenskrivarfullmektig i Jæren og Dalane til han i 1860 vart sorenskrivar i Indre Sogn. Sidan hadde han tilsvarande embete i Dalane frå 1869, og var dessutan magistrat og politimeister i Egersund.

I 1850-åra var Hammer medlem av bystyret i Egersund. Stortinget 1859-60 representerte han Stavanger amt, medan han på Stortinget 1865-66 var fyrste varamann frå Nordre Bergenhus amt. 1859-60 var han sekretær i Justiskomité nr. 1.

Hammer døydde i Egersund i sitt 85. år. Han var tildelt St. Olavs orden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]