Hopp til innhald

Thomas Jefferson National Accelerator Facility

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Thomas Jefferson National Accelerator Facility
Grunnlagd1. januar 1984
KommuneNewport News[1][2]
Tilsette675 Endre på Wikidata
Nettstadhttps://www.jlab.org/
Kart
Thomas Jefferson National Accelerator Facility
37°05′41″N 76°28′54″W / 37.0947°N 76.4817°W / 37.0947; -76.4817

Thomas Jefferson National Accelerator Facility (TJNAF), ofte berre kalla Jefferson Lab eller JLab, er eit fysikklaboratorium ved Newport News i Virginia i USA. Det har sidan 1. juni 2006 vorte operert av Jefferson Science Associates, LLC, eit prosjektsamarbeid mellom Southeastern Universities Research Association, Inc. og CSC Applied Technologies, LLC. Fram til 1996 vart det kalla Continuous Electron Beam Accelerator Facility (CEBAF) og dette namnet vert framleis ofte nytta om hovudakseleratoren.

Flyfoto av Jefferson Lab.

Laboratoriet er særleg kjend for elektronakseleratoren. Maskinen byggjer på lineærakseleratorprinsippet og resirkulerer elektronstråla opptil fem gonger. Foreløpig vert det køyrd eksperiment med 4 GeV elektronstråle, men planen er å oppgradere til heile 12 GeV.

  1. GeoNames (på engelsk), 2005, GeoNames-identifikator 6353775, Wikidata Q830106, henta 13. oktober 2021
  2. Store norske leksikon (på norsk bokmål og norsk nynorsk), ISSN 2464-1480, SNL-identifikator Jefferson_Lab(oratory), Wikidata Q746368, henta 13. oktober 2021

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]