Thomas Johannes Wiborg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Thomas Johannes Wiborg
Fødd3. september 1812
Brevik
Død29. mai 1874 (61 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar, kjøpmann
BarnMartha Wiborg Fleischer
Alle verv

Thomas Johannes Wiborg (3. september 181229. mai 1874) var ein norsk kjøpmann og politikar frå Brevik som var stortingsmann 1871–1873.

Wiborg var son til ein kjøpmann, ein yrkesveg han sjølv fylgde vidare. Han var medlem i Brevik bystyre frå det vart oppretta i 1838 og i mange år ordførar, også forlikskommissær i fleire år. Frå 1846 var han styreleiar i den lokale sparebanken.

Både i 1868–1869 og i 1871–1873 var han Brevik sin representant på Stortinget. Til 1873-sesjonen møtte han fyrst 3. april. Han var medlem 1868–1869 i Justiskomité nr 1 og 1871–1873 i Tollkomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]