Hopp til innhald

Thomas Krol

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Thomas Krol


StatsborgarskapKongeriket Nederlanda
Fødd16. august 1992 (34 år)
Deventer
Idrettlengdeløp på skeiser
Tok del i Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 2022 – 1000 meter menn, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 2022 – 1500 meter menn, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 2022 – 500 meter menn
Utmerkingar ridder av Ordenen av Orange-Nassau

Thomas Krol (fødd 16. august 1992) er ein nederlandsk tidlegare skeiserennar som i 2022 vart olympisk meister på 1000 meter i Beijing og deretter verdsmeister i sprint-firkamp på Hamar.

Krol spesialiserte seg etterkvart på distansane 1000 og 1500 meter. Han vann gullmedaljen på 1500 m ved VM enkeltdistansar 2019 med tida 1.42,58, drygt halvsekundet føre Sverre Lunde Pedersen på sølvplass. Året etter vann Krol gullmedaljen på same distansen ved EM enkeltdistansar. I VM enkeltdistansar 2020 måtte han sjå seg slått av landsmannen Kai Verbij med 0,07 sekund på 1500 m. Dei same to utøvarane, i lag med Dai Dai Ntab, sikra Nederland gullmedaljen i lagtevlinga. I VM enkeltdistansar 2021 tok Krol sitt andre VM-gull på spesialdistansen 1500 m.

På nyåret 2022 gjekk Krol inn til gull på 1000 m under EM enkeltdistansar, landsmannen Kjeld Nuis vart nummer 2. På 1500-meteren bytta dei to plass på sigerspallen. Fire veker seinare la dei to beslag på fyrste- og andreplassen på 1500 meter under dei olympiske vinterleikane i Beijing, Nuis påny føre Krol. Den 18. februar vann Krol gullmedaljen på den olympiske 1000-meteren, med klar margin andremann. To veker seinare triumferte Krol i Skeise-VM 2022 i sprint-firkamp på Hamar, etter to sterke 1000-meterløp.

Krol tok ein sølvmedalje og ein bronsemedalje i VM enkeltdistansar 2023. Han la opp i 2024.