Thomas Larsen Haaland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Thomas Larsen Haaland
Fødd25. juni 1862
Karmøy
Død12. juli 1935
NasjonalitetNoreg
PartiVenstre
Yrkebankier, politikar

Thomas Wegner Larsen Haaland (25. juni 186217. desember 1935) var ein norsk gardbrukar frå Torvastad og stortingsmann for Venstre.

Haaland var son til ein gardbrukar på Håland i Torvastad. Sjølv gjekk han i 1880 ein lokal læraskule i Kopervik. I 1888 tok han over farsgarden og dreiv denne i kring 40 år. Han var frå 1900 i mange år styreleiar i den lokale sparebanken.

Haaland var ordførar i Torvastad frå 1907, og forlikskommissær frå 1910. Hausten 1912 vann han valet i einmannskrinsen Karmsund, og representerte Venstre på Stortinget perioden 1913-15. Her hadde han sete i Gasje- og pensjonskomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]