Thomas Lobben

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Thomas Lobben
Statsborgarskap Noreg
Fødd 3. mai 1983 (40 år)
Hønefoss
Idrett skihopping

Thomas Lobben (fødd 3. mai 1983) er ein norsk tidlegare skihoppar. Han vart noregsmeister i stor bakke i 2007. Lobben tevla for IL Moingen.

Lobben har delteke i internasjonale renn sidan vinteren 2000, for det meste i kontinentalcupen. Sesongen 2004/05 vart han samanlagt nummer fire i kontinentalcupen. Den 14. oktober 2007 overraska Lobben stort ved å vinne den utsette noregsmeisterskapen i stor bakke. Rennet vart avvikla i Lysgårdsbakken på Lillehammer, sju månader etter tillyst tid. For to lange hopp fekk han til saman 286,2 poeng. Dermed vann han tevlinga med ein margin på 0,4 poeng til toaren, favoritten Anders Jacobsen.[1]

Lobben deltok i nokre få verdscuprenn, beste plasseringa var ein 33. plass på Lillehammer i 2006.

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar
Notar
  1. «Overraskende NM-gull til Thomas Lobben». Aftenposten.no. 14. oktober 2007. Henta 14. oktober 2007. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]