Thomas Müller

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Thomas Müller
FIFA WC-qualification 2014 - Austria vs. Germany 2012-09-11 - Thomas Müller 01 edit.JPG
Personleg informasjon
Fullt namn Thomas Müller
Fødd 13. september 1989 (30 år)
Fødestad Weilheim in Oberbayern
Høgd 186 cm
Posisjon Midtbane, spiss
Klubbinformasjon
Noverande lag
Bayern München
Nummer 25
Ungdomsklubbar
1993-2000
2000-07
Tyskland Pähl
Tyskland Bayern München
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2007- Tyskland Bayern München 276 (101)
Landslag
2009
2010-
Tyskland Tyskland U21
Tyskland Tyskland
6 (1)
89 (37)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 8. oktober 2017
‡ Landslagsmål oppdatert 8. oktober 2017

Thomas Müller (fødd 13. september 1989 i Weilheim in Oberbayern i Bayern) er ein tysk fotballspelar, som i 2018 spelar for Bayern München i tysk Bundesliga. Han har òg landskampar for Tyskland. Han vart verdsmeister med Tyskland i 2014. Müller vart seriemeister i Tyskland med Bayern München i 2010, 2013, 2014, 2015, 2016 og 2017, vann den europeiske Meisterligaen med klubben i 2013 og VM for klubblag same året.

Müller debuterte for Tyskland sitt A-landslag 3. mars 2010 i ein privatlandskamp heime mot Argentina. Han vart teken ut i Tyskland sin tropp til fotball-VM i Sør-Afrika same året, og dette vart det store internasjonale gjennombrotet hans. Han spelte seks av Tyskland sine sju kampar, men måtte stå over semifinalen grunna to gule kort. I den første gruppekampen, mot Australia, skåra han det første landslagsmålet sitt, og han skåra til saman fem mål i turneringa. Han vart dermed delt toppskårar i turneringa, saman med tre andre spelarar som òg skåra fem mål. Müller hadde flest målgivande pasningar i tillegg, og vann dermed toppskårarprisen "gullstøvelen". Han vart òg kåra til beste unge spelar i turneringa.