Hopp til innhald

Thomas Mardal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Thomas Mardal


StatsborgarskapNoreg
Fødd16. april 1997 (28 år)
Idrettfriidrett
Tok del i EM i friidrett 2024 – Sleggekast menn
Utmerkingar Kongepokal

Thomas Mardal (fødd 16. april 1997) er ein norsk sleggjekastar frå Gloppen i Nordfjord. Han vart nummer 6 i øvinga under VM i friidrett 2025. Mardal er norsk meister i sleggjekasting 2023, 2024 og 2025. Hans personbeste 78,44 meter er frå noregsmeisterskapen 2. august 2025.

Sommaren 2018 sette Mardal personbeste 72,81 meter i sleggjekast meter då han vann eit stemne i Gävle. Året etter forbetra han seg til 73,10 m i NCAA-meisterskapen i Austin i Texas. 30. juni 2020 flytta han rekorden sin til 74,28 m i Byrkjelo. Med ny personbeste, 76,74 m, vart Mardal NCAA-meister i sleggjekast den 9. juni 2021 i Eugene i Oregon. 28. juni 2023 kasta han sleggja 77,97 meter då han sigra i Boysen-stemnet på Bislett stadion i Oslo. Han deltok i VM i friidrett 2023 i Budapest, der hans 73,13 meter heldt til 16. plass. Året etter kasta han 71,16 meter i kvalifiseringa ved europameisterskapen i Roma og vart nummer 28. Langt betre gjorde han det under Sommar-OLParis, der han kom på ellevteplass. Mardal vart så tredjemann i Bislett Games 2025 med 78,25 meter og ny personbeste. Kort tid etter vann han i Maribor sleggje-øvinga i B-europameisterskapen for landslag. Under noregmeisterskapenAskøy sette han personleg rekord med 78,44 m og vart tildelt kongepokalen for prestasjonen. Seks veker seinare vart han nummer 6 i sleggjekast ved verdsmeisterskapen i Tokyo.