Thomas Moles

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Thomas Moles
Føddnovember 1871
Belfast
Død3. februar 1937
Statsborgar avStorbritannia, Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland
PartiUlster Unionist Party
Yrkejournalist, politikar

Thomas Moles (november 18713. februar 1937) var ein irsk journalist og politikar for Ulster Unionist Party.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Oppvekst, utdanning og journalistisk liv[endre | endre wikiteksten]

Moles vart fødd i Belfast i 1871, men gjekk på skule i Ballymena, nordvest for Belfast. Som journalist var han leiarskribent for unionistavisa Belfast Telegraph frå 1909 til 1924, då vart han sjefredaktør. I 1911 var han irsk representant i ein britisk pressedelegasjon på vitjing i Kanada.[1] Saman med Robert Lynn frå Belfastavisa Northern Whig, vart Tomas Moles rekna som dei to mest framståande unionistfolkevalde journalistpolitikarane i den nyskipa provinsen Nord-Irland.[2]

Politisk karriere[endre | endre wikiteksten]

Thomas Moles var folkevald representant for Ulster Unionist Party både i Westminsterparaementet og i det regionale nordirske parlamentet. I Westminster frå Belfastvalkrinsen Ormeau frå 1918 til 1922 og frå valkrinsen Belfast sør frå 1922 til han trekte seg i 1929. Han var vald til underhuset i Belfastparlamentet frå Sør-Belfast frå 1921 til 1929 og frå valkrinsen Ballynafeigh frå 1929 til han døydde i 1937.

Før kløyvinga hadde unionistane vanskelege interne tautrekkingar kring om dei skulle akseptera at seks grevskap vart ekskludert frå irsk sjølvstende, eller om dei skulle gå for ni. Argumentasjonen hadde politisk-demografiske hovudpremiss. Utsiktene til unionsvenleg fleirtal var avgjerande. 10. mars 1920 aksepterte Ulster Unionist Council ei kløyving med eit eige parlament for seks grevskap med 52 representantar. Thomas Moles var blant dei tydelege pådrivarane for å akseptera dette britiske tilbodet.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. John F. Harbinson: The Ulster Unionist Party 1882-1973. Its development and organisation. Belfast, Blackstaff Press 1973 SBN 85640-076-9, s. 181.
  2. Same stad, s. 100 og Graham Walker: A history of the Ulster Unionist Party. Protest, pragmatism and pessimism. Manchester, Manchester University Press 2004 ISBN 0-7190-6109-1 s. 78.
  3. Patrick Buckland (red.): Irish Unionism 1885-1923. A documentary history. Belfast, Her Majesty's Stationery Office 1973, s. 403.