Thomas Pettersen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Thomas Pettersen (fødd 20. april 1976) er ein norsk tidlegare handballspelar som vann fleire kongepokalar og seriemeistertitlar med Sandefjord TIF.

Pettersen var kantspelar på Sandefjord TIF i tida 1992-2005. I denne perioden var laget mellom dei aller fremste i landet og sanka nesten årvisst medaljar i serien og i NM-cupen. Frå 2005 trappa han ned med spel på nivå tre for Falk i Horten, og sidan som innbytar i Sandefjord TIF.

Pettersen deltok i 21 landskampar for Noreg i tida 1998-2001. Han var då med i troppa til Handball-VM 1999 for menn, der Noreg vart nummer 13. I alt noterte han seg for 31 mål.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]