Thomas Malthus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Thomas Robert Malthus)
Thomas Malthus

FøddThomas Robert Malthus
13. februar 1766
Westcott, Surrey
Død23. desember 1834
Bath
NasjonalitetDet sameinte kongeriket Storbritannia og Irland, Kongeriket Storbritannia
Yrkesamfunnsøkonom, essayist, statistikar, demograf, anglikansk prest, sosiolog, matematikar, skribent
Alma materJesus College
University of Cambridge
Warrington Academy
EktefelleHarriet Eckersall
BarnHenry Malthus, Lucy Malthus, Emily Malthus
MedlemRoyal Society
Det russiske vitskapsakademiet

Thomas Robert Malthus (4. februar 176623. desember 1834) var ein prest og samfunnsforskar fødd i Surrey i England. Han er mest kjend for sine teoriar om folkesetnadsutvikling. I 1798 gav han ut eit verk som bar tittelen «An Essay on the Principle of Population». Boka formulerte ei «befolkningslov» som sa at befolkningsveksten alltid vil vera høgare enn veksten i matproduksjon, slik at så lenge denne befolkningslova virkar vil befolkninga bli justert i t.d. katastrofar som hungersnaud.

Malthus reiste på ymse forskingsreiser. I 1799 reiste han gjennom Noreg frå Halden til Trondheim. Av Malthus finst ei reisedagbok frå denne reisa (The travel diaries of Thomas Robert Malthus), den delen av dagboka som omhandlar Noreg er utgitt på norsk. Malthus reviderte sitt «Essay» på grunnlag av reiser i Noreg og andre land.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Malthus, Thomas R. (2005): Reisedagbok fra Norge 1799. Opptrykk av norsk utgave fra 1968. Oslo: Cappelen.