Thomas S. Falck

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Thomas S. Falck
Fødd 24. februar 1829
Drammen
Død

18. juli 1889

Yrke kjøpmann, Konsul i diplomatiet

Thomas Dorotheus Scheen Falck (24. februar 182918. juli 1889) var ein norsk kjøpmann og skipsreiar frå Drammen. Han var far til Hans L. Falck og representerte Stavanger og HaugesundStortinget i 1874.

Thomas S. Falck var son til ein tollar. Han var fleire år utanlands for å lære seg handel, ei tid «assoscie» i eit handelsfirma i Newcastle upon Tyne i England. Frå 1862 var han kjøpmann og skipsreiar i Stavanger. To år seinare vart han i tillegg administrerande direktør i Stavanger sjøforsikringsselskap. Han var også styremedlem i Stavanger kreditbank og i Stavanger støyperi og dokk.

Frå 1864 var Falck medlem i Stavanger bystyre. For perioden 1874-76 vart han kåra til stortingsmann på valtinget 1873. Grunna sjukdom møtte han berre på 1874-sesjonen, medlem av bankkomiteen.

Falck døydde i Hillevåg i Hetland herad, 60 år gammal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]