Thomas Stangassinger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Thomas Stangassinger


Statsborgarskap Austerrike
Fødd 15. september 1965 (58 år)
Hallein
Idrett alpint
Tok del i

Vinter-OL 1992, Vinter-OL 1998, Alpint under Vinter-OL 1994 – Slalåm menn

Utmerkingar

æresteikn i gull for tenester til den austerrikske republikken

Thomas Stangassinger (fødd 15. september 1965) er ein austerriksk tidlegare skirennar frå Hallein i forbundslandet Salzburg som vart olympisk meister i slalåm i 1994 og vann FIS-pokalen som verdas beste slalåmrennar i 1999.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Stangassinger fekk ein mislukka VM-debut då han deltok i kombinasjonen i Bormio i 1985. Tre år seinare tok han eit lite steg opp då han vart nummer 13 i same øvinga under Vinter-OL 1988 i Calgary.

Frå 1989-sesongen spesialiserte Stangassinger seg på slalåm. Han vart nummer ni i greina ved VM i alpine greiner 1989 i Vail i delstaten Colorado. Den 3. desember 1989 vann han i Canada sitt fyrste verdscuprenn. Gjennom ti sesongar sikra han seg til saman ti sigrar i verdscupen og i alt 37 pallplasseringar, alle saman, unnateke ein andreplass i kombinasjon, kom i slalåm.

Stangassinger tok sølvmedaljen ved VM i alpine greiner 1991 i Saalbach, berre Marc Girardelli frå Luxembourg rann fortare. To år seinare vart det bronse i yndlingsgreina då VM i alpine greiner 1993 vart avvikla i japanske Morioka. Han kom i mål 11 hundredels sekund bak gullmedaljør Kjetil Andre Aamodt frå Noreg, og sju hundredels sekund bak sølvvinnar Girardelli.

Høgdepunktet for Stangassinger kom under Vinter-OL 1994Lillehammer, der han triumferte i slalåmrennet framfor det italienske håpet, Alberto Tomba.

I sine tre siste store meisterskap vart Stangassinger nummer seks i slalåm både i VM 1997, OL 1998 og VM 1999. I 1999-sesongen vann han slalåm-biten av verdscupen i alpine greiner 1999, etter å ha vorte nummer to i kampen om FIS-pokalen dei ti føregåande sesongane, 1997 og 1998, samt i 1994-sesongen. Han la opp etter 2000-sesongen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]