Thomas Ziehe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Thomas Ziehe
Fødd28. juni 1947
Hannover
NasjonalitetTyskland
Yrkepedagog, universitetslærar
InstitusjonarJohann Wolfgang Goethe-Universität
Gottfried Wilhelm Leibniz Universität Hannover

Thomas Ziehe (fødd 28. juni 1947) er ein tysk professor i pedagogisk sosiologi ved Institutt for pedagogikk ved Leibniz-universitetet i Hannover. Han var frå 1988-1993 professor i pedagogikk ved universitetet i Frankfurt.

Ziehe er kjend for analysar av kulturelle moderniseringsprosessar i høve til ungdom og skulen. Arbeida hans har fått særleg gjennomslagskraft blant pedagoga og didaktikarar. Ziehe har blant anna vore oppteken av narsissisme som eit kulturelt fenomen.

Teoriarbeid[endre | endre wikiteksten]

Ziehe kan dels plasserast i den sosiologiske Frankfurt-skulen, saman med forskarar som Max Horkenheimer, Theodor Adorno, Herbert Marcuse og Jürgen Habermas, og dels i den sosiologiske forskinga kring seinmodernitet saman med forskarar som Anthony Giddens, Zygmunt Bauman og Ulrich Beck. Med å kombinere marxistisk teori med identitetsteori og psykoanalytisk teori har han kome fram til at vårt samfunn har utvikla ein ny personlegdomstype prega av narsissisme.

Kulturelle tendensar[endre | endre wikiteksten]

Der er tre kulturelle tendensar som Ziehe meiner er med å endre det kulturelle klimaet for ungdom: a) auka refleksivitet, b) ei oppfatning om at alt lèt seg forme, c) individualisering. Desse tendensane vert møtte på tre måtar:

Kulturelle orienteringsforsøk[endre | endre wikiteksten]

Ziehe ser dei auka moglegheita for ungdom i dag som årsak til kontingensproblem. Di fleire moglegheiter og di meir fridom, di større vert opplevinga av å manglande ein fast grunn i tilværet. Som reaksjon på denne opplevinga ser Ziehe tre ulike reaksjonsmåtar:

  • «Subjektivering», dvs. som lengt etter nærleik og psykisk intimitet,
  • «Ontologisering», dvs. som leiting etter ei overordna meining,
  • «Estetisering», dvs. i staden for nærleik eller meining søkjer ein spenning og estetiske opplevingar
  • socialisering,

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • 1975: Pubertät und Narzissmus Sind Jugendliche entpolitisiert?.
  • 1989: Ambivalenser og mangfoldighed, Politisk Revy.
  • 2004: Øer af intensitet i et hav af rutine nye tekster om ungdom, skole og kultur.
  • 2001: Modernitets- og ressourceperspektivet læring i et hypermoderne samfund mentalitetsforandring, læringskultur og fremmedfølelse.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]