Hopp til innhald

Thomasine Lie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Thomasine Lie

StatsborgarskapNoreg
Fødd26. desember 1833
Grue kommune
Død

6. oktober 1907 (73 år)
Stavern

Yrkenæringslivsleiar
Medlem avNorsk Kvinnesaksforening
FarMichael Strøm Lie
EktefelleJonas Lie
Thomasine Lie på Commons
Jonas og Thomasine Lie, måla av Christian Meyer Ross i 1892.

Thomasine Henriette Lie (26. desember 18336. oktober 1907)[1] var ein medstiftar av Norsk Kvinnesaksforening. Ho var gift med forfattaren Jonas Lie, og påverka forfattarskapen hans gjennom heile livet.

Thomasine Lie var dotter av prokurator Michael Strøm Lie og Ingeborg Birgitte Møinichen, og grandtante til målaren Jonas Lie (1880–1940). Ho vaks opp i Dahlmanngården i Øvrebyen på Kongsvinger. Ho var den fyrste pianolæraren til systera si Erika Nissen. Ho gifta seg med fetteren sin Jonas Lie i 1860.

Thomasine Lie var medstiftar av Norsk Kvinnesaksforening i 1884.[2]

Thomasine Lie fødde fem barn på Kongsvinger. Tre av dei, Asta, Michael og Mons, vaks opp. I 1868 flytta heile familien til Kristiania. Thomasine og Jonas Lie fekk to barn til, Erik Lie i 1869 og Elisabeth Lie i 1876. I periodar budde heile familien utanfor Noreg. I 1871 fekk Jonas Lie statsstøtte, og heile familien flytta til Roma. I 1878 flytta familien vidare til Tyskland. Der busette dei seg fyrst i Stuttgart, deretter i Dresden og til slutt i Berchtesgaden i Bayern. I 1882 flytta heile familien vidare til Paris, delvis fordi sonen, Mons ønskte å utdanne seg til fiolinist.[3]

Jonas og Thomasine Lie i 1871
  1. «002 Thomasine Henriette Lie - 0031 Ny Storgade - 000 Kongsvinger Kjøbstad - Tellingskretsoversikt - Folketelling 1865 for 0402B Vinger prestegjeld, Kongsvinger kjøpstad - Digitalarkivet». www.digitalarkivet.no (på norsk). Henta 6. februar 2020.
  2. «Indbydelse til at indtræde i Norsk Kvindesags-Forening stiftet den 28de Juni 1884», Bergens Tidende, 18. november 1884
  3. Anne Berit Klungsøyr (red.) (1990). «Den combinerede Hjerne? Eller – Det trengs to for å skrive som Jonas Lie!». Solør-Odal (2): 48.