Thomsoneffekt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Thomsoneffekt er ein termoelektrisk effekt som først blei skildra teoretisk av William Thomson (Lord Kelvin) i 1847, og påvist av han i 1854. Når ein sender elektrisk straum gjennom ein leiar i same retning som det går ein varmestraum, vil leiaren oppvarmast meir enn når varmestraum og elektrisk straum går i motsette retningar. Dette blir forklart ved at det i tillegg til oppvarminga på grunn av resistans i leiaren, er ei mindre oppvarming eller avkjøling på grunn av thomsoneffekten. I ein leiar der det er ein varmestraum eller eit temperaturfall, vil det òg vere eit spenningsfall. Elektrontettleiken er størst og difor potensialet lågast der der temperaturen er lågast. Straum som blir sendt frå lågare til høgare temperatur, må overvinne ei potensialstiging, thomsonspenningen, og må difor ta energi frå leiaren i form av varme. Går straumen motsett veg, blir elektrisk energi overført til termisk energi. Effekten er liten og har vesentleg teoretisk interesse.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]