Thor-Eirik Gulbrandsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Thor-Eirik Gulbrandsen
Fødd15. juli 1940
Død25. juli 2014 (74 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
Alle verv

Thor-Eirik Gulbrandsen Mykland (15. juli 194025. juli 2014) var ein norsk byråkrat og politikar frå Fjære i Aust-Agder. Han var stortingsrepresentant 1973-93 frå Akershus, vald på Arbeidarpartiet sine program.

Gulbrandsen tok eksamen artium ved Hamar Katedralskole i 1960. Utover i 1960-åra var han assistent ved Norsk utanrikspolitisk institutt 1962-64, timelærer ved handelsskule 1964-66 og sakshandsamar i Skedsmo kommune 1967-71. Jamsides studerte han ved Universitetet i Oslo, og var ferdig utdanna cand.oecon. i 1970. I 1971 fekk han jobben som økonomisjef ved Sentralsykehuset i Akershus på Lørenskog, ei stilling han hadde til 1997.

Hausten 1973 kom Gulbrandsen inn på Stortinget frå varamannplass på Arbeidarpartiet si valliste i Akershus. Då statsråd Sonja Ludvigsen frå same fylke og parti døydde sommaren 1974 fekk han fast tingsete, og etter fire attval representerte han Arbeidarpartiet på Tinget i 20 år. Den fyrste fireårsperioden var han medlem i Justiskomitéen, deretter var han dei neste fire åra plassert i Finanskomitéen. Frå 1981 var han med i Forbrukar- og administrasjonskomitéen til 1989, dei siste fire sesjonane som sekretær. I 1989 var han på ny plassert i Finanskomitéen, og var saksordførar for ei stor skattereform som trådde i kraft i 1992. Han nådde ikkje opp til «sikker» tingplass då Akershus Arbeidarparti nominerte til stortingsvalet 1993.

Åra 1997-2000 var Gulbrandsen i utanlandsteneste i Bosnia-Hercegovina. Deretter var han rådgjevar hos Sentralsykehuset i Akershus til 2003, frå 2006 tilsett i Landslaget for offentlige pensjonister.

Perioden 1968-71 var Gulbrandsen medlem i Skedsmo kommunestyre. Hausten 1999 vart han vald innatt i same kommunestyret for ein fireårsperiode. Då det nye kommunestyret skulle velje ordførar, valde han å røyste på Høgre-kandidaten Per Pettersen, i staden for Andreas Hamnes frå Arbeidarpartiet. Når Gulbrandsen ikkje ville røyste på Hamnes, kom det av at Gulbrandsen meinte Hamnes spelte ei avgjerande rolle då Gulbrandsen i 1993 ikkje vart renominert til Stortinget. Vinteren 2000 vart Gulbrandsen ekskludert frå Arbeidarpartiet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]