Thor 6

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Thor 6 er ein norsk tv- og kommunikasjonssatellitt som tilhøyrer Telenor Satellite Broadcasting. Han blei skoten opp torsdag 29. oktober 2009 med Ariane 5 ECA launcher frå Centre spatial guyanais i Fransk Guyana.

Satellitten blei bygga av Thales i Cannes i Frankrike. Han blei skoten opp for å tilby parabol-TV (DTH) og telekommunikasjonstenester i Norden, Baltikum, Aust-Europa og Midtausten. I den nordiske regionen var TV-tilbydaren Canal Digital hovudkunden. Thor 6 går i bane på 1 grad vest, same stad som Thor 5 og Thor 3.

Satellitten blei skoten opp for å erstatta den eldre THOR III. Levetida til Thor 6 var rekna til å vere 15 år.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]