Thor Fossum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Thor Fossum
Fødd29. juni 1916
Død21. august 1993 (77 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar

Thor Fossum (29. juni 191621. august 1993) var ein norsk arbeidar og stortingsrepresentant frå Bærum. Han sat på Stortinget frå 1958 til 1969 som representant frå Akershus fylke og for Arbeidarpartiet.

Fossum var son til ein jarnbanemann. Etter å ha arbeidd 1934-38 ved ein mekanisk verkstad, fekk han stilling som vognbetjent ved A/S Bærumsbanen og var tilsett der frå 1938 til 1979. Han var aktiv i fagrørsla, mellom anna som lønna sekretær i Oslo Sporveisbetjenings forening og i Oslo fageige samorganisasjon. Han var formann i Bærum Arbeiderparti 1958–64 og i Akershus Arbeiderparti 1964–69.

Fossum var frå 1958 fyrste vararepresentant til Stortinget frå Akershus, og møtte heile tingperioden 1958-61 i staden for utanriksminister Halvard Lange. Periodane 1961–65 og 1965–69 hadde Fossum fast stortingsplass. Alle tolv stortingssesjonane var Fossum medlem i Administrasjonskomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Stortingsbiografi