Thor Helland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Thor Helland
Statsborgarskap Noreg
Fødd 10. desember 1936
Sørfold kommune
Død

2. august 2021 (84 år)

Yrke langdistanseløpar, mellomdistanseløpar
Språk norsk
Høgd 1,78 meter

Thor Oluf Helland (fødd 10. desember 1936) er ein norsk tidlegare friidrettsutøvar frå Sørfold i Nordland, som tevla på mellomdistansane og seinare spesialiserte seg på langdistansane. Han deltok i Sommar-OL 1964 i Tokyo, der han vart nummer åtte på 5000 meter. Helland, som var medlem av IL i BUL i Oslo, vann tolv NM-gull i friidrett i åra 1961-67, fire av desse i terrengløp. Hans personlege rekordar på distansane frå 800 m til 10000 m er 1.51,2 (1960), 3.44,4, 7.54,8, 13.37,4 (alle tre i 1965) og 29.20,8 (1966).

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Frå 1960 høyrde Helland til eliten av norske mellomdistanseløparar. Han vann sitt fyrste NM-gull i 1961 då han sigra i terrengløpet over 4 km. Året etter slo han Arne Hamarsland i spurten på 1500 m under NM 1962 i Drammen, og tok sin fyrste gullmedalje på bane. Etter 1963 satsa han på langdistansane, og kniva dei neste fem sesongane med Odd Fuglem om å vere Noregs beste 5- og 10000 m-løpar. Her hadde Helland ofte fordel å vere spurtsterk, medan Fuglem hadde sin styrke i tempo.

I juli 1964 sprang Odd Fuglem 5000 m på 13.53,4 og vart den fyrste nordmannen som kom under 14 minuttar på distansen. Fuglem deltok ikkje i olympiaden i Tokyo i oktober månad same året, noko Helland gjorde. Her forbetra Helland den norske rekorden med eitt sekund i kvalifiseringa, og sikra seg tredjeplassen i heat nummer to. I finalen kom Helland inn på åttandeplass med tida 13.57.0.

Helland sette i alt seks norske rekordar, tre på 3000 meter, to på 5000 meter og ein på 10 000 meter. Av desse rekordane var tidene 7.54,8 på 3000 meter og 13.37,4 på 5000 meter, begge oppnådd i 1965, også nordiske rekordar. Denne siste 5000-metersrekorden sette han i Helsingfors, der han slo førre års olympiameistrar på både 5000 m og 10000 m.

I 1966 var Helland, saman med spydkastaren Terje Pedersen og sprintaren Carl Fredrik Bunæs, dei fyrste mottakarane av Bislett-medaljen.

Plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • OL 1964 i Tokyo: Nr 8 på 5000 m – 13.57,0
  • EM 1966 i Budapest: Utslått i kvalfiseringa på 5000 m (14.23,2)

Medaljar i norske meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1960: Sølv på 1500 m (3.51,1), bakom Arne Hamarsland (3.48,3)
  • 1961: Sølv på 1500 m, bakom Arne Hamarsland, begge på 3.48,5
  • 1962: Gull på 1500 m (3.49,7), framom Arne Hamarsland (3,50,1)
  • 1964: Gull på 10000 m (29.27,6), framom Odd Fuglem (29,28,0)
  • 1965: Gull både på 5000 m (14.14,4 ) framom Odd Fuglem (14.15,4), og på 10000 m (30.30,2) framom Arne Hamarsland (30.30,6)
  • 1966: Gull både på 5000 m (14.22,6 ) framom Arne Hamarsland (14,22,8) og Ivar Isaksen st, samt 10000 m (29.51,6) framom Odd Fuglem (29.55,2)
  • 1967: Gull både på 5000 m og 10000 m (14.10,2 og 29.32,0 ), begge gongane framom Odd Fuglem (14.11,? og 29.32,2)
  • 1968: Sølv på 5000 m (14.17,8) bak Odd Fuglem (14.17,4)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]