Thor Heyerdahl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Thor Heyerdal)
Thor Heyerdahl

Fødd6. oktober 1914
Larvik
Død18. april 2002
Colla Micheri
NasjonalitetNoreg
Områdeetnografi
Yrkeoppdagar, antropolog, arkeolog, historikar, manusforfattar, marinbiolog, eventyrer, filmregissør, sjøfolk, etnograf, globetrotter, skribent
Alma materUniversitetet i Oslo
DoktorgradsrettleiarKristine Bonnevie
EktefelleLiv Rockefeller, Jacqueline Beer, Yvonne Dedekam-Simonsen
BarnThor Heyerdahl, Bjorn Heyerdahl
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi

Thor Heyerdahl (6. oktober 191418. april 2002) var ein norsk arkeolog, etnograf, eventyrar og forfattar.[1] Han var utdanna marinbiolog, men livsvegen hans var først og fremst prega av antropologi.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Thor Heyerdahl var fødd i Larvik. Han studerte både biologi og geografi ved Universitetet i Oslo. Frå 1933 til 1936 studerte han også antropologi ved Krøpeliens bibliotek. Den fyrste ekspedisjonen hans gjekk til øya Fatu Hiva i Marquesas-arkipelet i Polynesia i 1937-1938. I åra 1939 til 1940 budde han saman med kwakiutl-indianarane i British Columbia. Desse ekspedisjonane fekk stor innverknad på livet hans. Han la merke til at plantelivet, vindane og havstraumane peikte mot at Polynesia kunne ha vorte folkesett frå Sør-Amerika, og ikkje Asia.[treng kjelde] Lokal munnleg tradisjon hevda det same.[treng kjelde] Etter desse ekspedisjonane utvikla han denne teorien i boka «American Indians in the Pacific».

Det vitskapelege miljøet aksepterte ikkje denne teorien, så Heyerdahl sette i gang Kon-Tiki-ekspedisjonen for å leggja fram prov på at dette kunne ha vore mogleg. Den 28. april 1947 sette Heyerdahl og fem besetningsmedlemmer segl ved Callao i Peru på ein balsaflåte som dei hadde bygd i tradisjonell stil. Etter 101 dagar nådde dei øya Raroia i Tuamoto-arkipelet. Boka om ekspedisjonen vart sett om til nær 70 språk og vart ein bestseljar. I 1951 vann Heyerdahls film frå ekspedisjonen Oscar for beste dokumentarfilm. I Noreg er filmen framleis den einaste som har fått Oscar. Teorien om at Polynesia vart folkesett frå Sør-Amerika kan likevel ikkje seiast å vera prova, og nyare forsking, til dømes DNA-analysar, har gjort det endå mindre sannsynleg at Heyerdahl sin teori var rett.

Heyerdahl er ein av dei mest vidkjente nordmenn som levde på 1900-talet. Han sette fram mange omstridde teoriar, og han tok imot fleire æresdoktorat og andre utmerkingar. Han la ut på fleire dristige ekspedisjonar til havs, og bøkene han skreiv om desse spektakulære seglasane, vart svært populære både i Noreg og i utlandet. Dokumentarfilmen om den mest kjende sjøreisa hans, Kon-Tiki-ekspedisjonen, vann Oscar-prisen i Sambandsstatane i 1952.

Som arkeolog leidde Heyerdahl fleire utgravingar, mellom anna på Påskeøya, på Maldivane, på Tenerife og i Azov i Russland, som alle hadde som føremål å sannsynleggjere somme av dei teoriane han hadde sett fram. I vitskapskrinsar har Heyerdahl alltid vore omstridd, og han har ofte vorte skulda for selektiv kjeldebruk og uvitskaplege metodar. Teoriane hans om kulturell påverknad av sjøfarar frå Afrika til Amerika (Ra-ekspedisjonen) og frå Amerika til Polynesia (Kon Tiki-ekspedisjonen) har ikkje vunne aksept blant fagfolk.

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

  • Thor Heyerdahl vart utnemnd til kommandør av St. Olavs orden i 1951, forfremja til kommandør med stjerne i 1970, og fekk storkrossen i 1987.
  • Frå 1984 var han statsstipendiat.
  • I 1999 fekk han Peer Gynt-prisen.
  • I Oslo finst det eit eige museum tileigna Heyerdahl sine ekspedisjonar, Kon-Tiki Museet. Der kan ein mellom anna sjå farkostane Thor Heyerdahl brukte til dei mest kjende reisene sine.
  • Thor Heyerdahl har òg fått ein asteroide, 2473 Heyerdahl, kalla opp etter seg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Sommerfelt, Axel; Wæhle, Espen (21. mars 2019). «Thor Heyerdahl». Store norske leksikon (på norsk). 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]