Thor Tjøntveit

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Thor Tjøntveit
Statsborgarskap Noreg, USA
Fødd 28. juli 1936
Død

3. mars 2017 (80 år)

Yrke flygar, forretningsdrivande, gründer

Thor Kristen Tjøntveit (28. juli 19363. mars 2017)[1]) var ein norsk-amerikansk forretningsmann og flygar.

Tjøntveit voks opp på Hesthagen i Grimstad. Etter å ha teke flysertifikat flaug han først for Widerøe før han emigrerte til USA i 1961 og verka som flygar i Alaska. Han vart amerikansk statsborgar i 1967. I 1967 kræsja han i Yukon og var sakna i ti dagar før han var funnen. Han vart også den første personen til å flyga over både Nordpolen og Sørpolen på same fed.[2]

Attende i Noreg etablerte han charterselskapet Trans Polar i 1971.[3] Han opererte med innleidde fly frå Aer Lingus og gjekk konkurs etter berre ni månader. Trans Polar-konkursen var ei tid den største i Noreg, med 33 millionar kroner i utestående fordringar.[4] Tjøntveit var sikta for svindel, men frikjend.[2]

I 1972 etablerte han eit nytt flyselskap, Norwegian Overseas Airways,[5] men fekk ikkje driftsløyve og flytte selskapet til Bangladesh.[6] I 1987 vart Tjønveit dømt for grovt bedrageri mot eit forsikringsselskap. I 2003 var han sikta for momssvindel, men flykta frå landet. Då han vende tilbake i 2005 vart han dømt til fengsel i fem år og seks månader, og mista retten til å driva forretningsverksemd.[7] Han sat i fengsel til 2012,[2] og døydde i 2017.[8]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Thor Tjøntveit er død». agderposten (på norsk). Arkivert frå originalen 13. mars 2017. Henta 12. mars 2017. 
  2. 2,0 2,1 2,2 «Tjøntveits historie». Fædrelandsvennen. 1. juli 2009. s. 13. 
  3. Aftenposten 28. april 2011
  4. Tjøntveits historie Fædrelandsvennen 1. juli 2009
  5. Christensen, Dag (23. desember 1971). «Tjøntveit går i lufta igjen». Verdens Gang. s. 5. 
  6. Helskog, Svenn (10. november 1972). «Politiet vil ha tak i Trans Polar-sjefen». Verdens Gang. s. 10. 
  7. NRK (18. oktober 2005), «5 1/2 års fengsel for Tjøntveit», NRK (på norsk bokmål), henta 25. juni 2019 
  8. Nekrolog: Thor Kristen Tjøntveit

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]