Thoralf Gilbrant

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Thoralf Gilbrant
Statsborgarskap Noreg
Fødd 23. mai 1919
Død

11. februar 2006 (86 år)

Yrke omsetjar, skribent

Thoralf Gilbrant (23. mai 191911. februar 2006) var ein profilert predikant og forfattar innan den norske pinserørsla.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Thoralf Gilbrant var eigentleg fødd Gulbrandsen i Stavanger i 1919, som eitt av sju sysken, voks opp i Ryfylke og vart, tross si ungdoms omvending til kristendomen ved eit luthersk bedehus, ein av pinserørsla sine store frontfigurar i Noreg. Han var gift med Tobine og saman hadde dei fem born.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Med ei lang karriere som redaktør (Illustrert Norsk Bibelleksikon 1965-1969 og ny utgåve 1986-1992), sette Thoralf Gilbrant uslettelege spor etter seg. Gilbrant var ogso nær medarbeidar med Carl Fredrik Wisløff og Arthur Berg i arbeidet med å få i stand ei moderne språkleg bibelomsetjing for dei lågkyrkjelege kristne. Norsk Bibel utkom i 1988.

Gilbrant utgav ogso ei lang rad andre bøker, mellom anna Studiebibelen, ei gresk-norsk lineæromsetjing av det nye testamente i fem band 1977-1982. Sistnemnde har seinare vorte utvida. Under dei siste ti åri av sitt liv utgav Gilbrant fleire bøker, mellom anna ei bok som omhandla Isaac Newton og hans tilhøve til Bibelens profetiar.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Tror du dette? 1965
  • Jeg tror 1970
  • Tidens tegn 1973
  • Snart kommer Jesus 1980
  • EF i politikk og profeti : romerrikets gjenreisning og Antikristens rike 1993
  • Isaac Newton om profetiene : profeten Daniel og Johannes' åpenbaring 1993
  • Hva er skjedd med Bibelen? 1994
  • «Her er ikke mann og kvinne-» 1995
  • År 2000 : en ny tidsalder 1997
  • Bortrykkelsen - Jesu Gjenkomst 2001
  • Israel i endetiden : tillegg: Mysteriet med Israels tapte stammer 2002
  • År 2000 og den nye tidsalder 2003
  • Israel i Endetiden 2004
  • Darwin & endetidens antikristelige verdensreligion 2003

Kjelder[endre | endre wikiteksten]