Thorbjörn Fälldin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Thorbjörn Fälldin

Svensk statsminister
Periode8. oktober 197618. oktober 1978
12. oktober 19798. oktober 1982
PartiCenterpartiet
Fødd24. april 1926
FødestadHögsjö i Västernorrlands län
Død23. juli 2016 (90 år)
DødsstadRamvik i Västernorrlands län
EktefelleSolveig Fälldin
FøregangarOlof Palme og
Ola Ullsten
EtterfølgjarOla Ullsten og
Olof Palme

Nils Olof Thorbjörn Fälldin (24. april 192623. juli 2016) var ein svensk politikar som var statsminister frå 1979 til 1982. Han representerte Centerpartiet i Sverige). Fälldin var riksdagsrepresentant 1958-64 og 1967-85, partileiar for Centerpartiet 1971-85, statsminister 1976-78 og 1979-82. Av yrke er han gardbrukar.

Centerpartiet, under leiing av Fälldin, lukkast i riksdagsvalet i 1976 å få 24 % av røystene og kunne etterpå leia ei borgarleg koalisjonsregjering som sette punktum for 40 års regjeringsleiing av sosialdemokratane.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Thorbjörn Fälldin vart fødd i Högsjö församling i Ångermanland, som son av gardbrukaren Nils Johan Fälldin og Hulda Olsson. Han vart òg sjølv gardbrukar.

Då Centerpartiet fekk framgang under den såkalla pensjonsstriden vart han overraskande vald inn i andre kammeret i den svenske riksdagen i 1958. Han vart respektert på grunn av sin sakkunnskap og lite høgtidelege personlegdom. Seinare då partiet ikkje lukkast i å få noko riksdagsmandat for Ångermanland vart Fälldin tilbydd å representera Örebro i det førsta kammareret i den svenske riksdagen i staden. I 1969 vart han vald til nestformann i partiet, i hard konkurranse med den då meir etablerte Johannes Antonsson frå Halland. I 1971 overtok Fälldin som partileiar etter Gunnar Hedlund. Han vart i og med dette den høgresida sida sin statsministerkandidat. Centerpartiet var då det største partiet på borgarleg side.

I 1973 gjorde Fälldin framlegg om at Centerpartiet og Folkpartiet skulle verta slegne ihop, då dei hadde hatt eit nært samarbeid frå byrjinga av 1960-talet. Framlegget fekk ikkje fleirtal innan Centerpartiet. Ved riksdagsvalet i Sverige i 1976 var han statsministerkandidat og valet stod mellom han og Olof Palme. Det store stridsemnet ved dette valet var knytt til framtidig satsing på atomenergi i Sverige. Centerpartiet ville stogga vidare utbygging inntil spørsmålet om korleis avfallet skulle takast vare på var løyst. Folkpartiet og Moderaterna ynskte å satsa meir på atomkraftverk.

Valresultatet gav grunnlag for at høgresida kunne skipa ei fleirtalsregjering, for første gong på 44 år. Regjeringa Fälldin I skulle koma til å verta prega av stendige konfliktar i samband med energipolitikk. Til sist sprakk samarbeidet og Fälldin gjekk av.

Etter valet 1979 vart Fälldin statsminister igjen, i ei trepartiregjering. Folkerøystinga om atomkraft i Sverige i 1980 gav som resultat at satsinga på atomenergi skulle gradvis avviklast. I 1981 vart regjeringa oppløyst på grunn av usemje om skattelegging. Etter dette vart det skipa ei koalisjonsregjering med Centern og Folkpartiet, framleis med Fälldin som statsminister.

Etter valet 1982 måtte dei borgarlege gje regjeringsmakta til Socialdemokraterna og Fälldin fekk nøya seg med å vera i opposisjon. Framom valet i 1985 samarbeidde Centern og Kristdemokraterna, men dei vart sigra over den gongen. Den 5. desember same år gjekk Fälldin av frå stillinga som partileiar og ut av den svenske riksdagen og gjekk attende til yrket som bonde.

Fälldin vart i 1999 utnemnd til kommandør med stjerne av Den Kongelege Norske Fortenesteordenen.[1]

Han døydde i 2016, 90 år gammal.[2]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Norges statskalender, 2008.
  2. «Thorbjörn Fälldin er død». 24. juli 2016. Henta 24. juli 2016. 

Litteratur[endre | endre wikiteksten]