Thorbjørn Frølich

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Thorbjørn Frølich
Fødd 7. oktober 1848
Død

12. november 1938

Yrke prest
Far Fritz Heinrich Frølich

Thorbjørn Justus Steger Frølich (7. oktober 184812. november 1938) var ein norsk prest, politikar og forfattar, fødd i Christiania. Forretningsmannen Fritz H. Frølich var far hans, medan Henrik og Georg Frølich var to eldre brør.

Frølich vart student frå Nissens skole i Kristiania i 1868 og cand. theol. i 1873. År 1875 vart han styrar ved den private jenteskulen på Lillehammer, der han også heldt kortare kurs for vaksne kvinner. Frå 1881 til -92 var han sokneprest i Masfjorden, dei neste ni åra hadde han same embetet i Ådalen i Buskerud. Medan han var i Masfjorden var han ordførar 1884-89, der han var ein føregangsmann både i hagebruk, jordbruk og for opplysingsarbeidet. Elles var han forlikskommissær 1885-87 og valmann 1882-88. Både på valtinget i 1882 og i 1885 kom han på varamannsplass til Stortinget, som ihuga venstremann.

Frå 1901 var Frølich forfattar og dreiv ulike vitskaplege studiar. I 1905 var han formann i den republikanske setralkomiteen og i Norges Fredsforening. Frå 1908 hadde han statsstipend, noko som mellom anna resulterte i fembandsverket F. H. Frølich og hans samtid (1912-39). Andre lokalhistoriske verk handla om Lillehammer og om Masfjorden.

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • Norsk grammatik. 1904
  • Læseregler. 1904
  • Havebog for hvert Hjem. 1904
  • Lillehammer, særlig i 1870-aarene : en skitse. 1905
  • Det Norske jernbanevesens grundleggelse gjennem anlegget af Eidsvoldbanen ("norsk hovedjernbane") I: "Statsøkonomisk tidsskrift" for 1912
  • F.H. Frølich og hans samtid : Næringslivets reisning i Norge i midten av det nittende aarhundrede : Dens forutsætning og resultat : Norsk næringsliv gjennem 100 aar. 6 bind, i alt 1.600 sider. 1912-1939 (Digitalt: bind 1, bind 2, bind 3, bind 3:1 Norges hovedstad)
  • Lillehammer : 1827-1918 : et Henblik. 1917
  • Fjon eller Masfjorden i Hordaland fylke. 1924
  • Frølichiana: sogneprest Thorbjørn Frølichs trykte og utrykte skrifter. 1927 (bibliografi)
  • En indvandring : utsyn. 1927. (Tilleggsheftet Begrænset oversikt utgitt 1929)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Norsk Allkunnebok, IV. bandet, 1953
  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914