Thore Foss

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Thore Foss
Fødd 10. september 1841
Død

8. februar 1913

Yrke politikar

Thore Torkildsson Foss (10. september 18418. februar 1913) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Bjelland i Vest-Agder. Han representerte Venstre.

Foss var son til ein gardbrukar. Åra 1858 til -66 var omgangsskulelærar. Sidan var han gardbrukar på farsgarden. Tida 1873-1901 var han medlem av heradsstyret, og ordførar i 23 år. Han var forlikskommissær 1890-1906, og 1885-96 medlem av amtsutvalet, samt 1890-94 av amtsskulestyret. I tillegg var han medlem av kommisjonen om folkeforsikring og sjukeforsikring.

Foss representerte Lister og Mandals amtStortinget 1892-1906 og heldt fram som representant for krinsen Mandal til han døydde. Han var medlem av konstitusjonskomiteen 1892-97, sekretær i Odelstinget 1895-1900, medlem av valkomiteen 1898-1913, av vegkomiteen 1898-1913 (formann 1900-13), av fullmaktskomiteen 1898-1913. Frå 1900 til han døydde i 1913 var han medlem av Lagtinget, president 1900-03 og 1906-13. Elles var han medlem av komiteen om Mjøsreguleringa og i 1911 av spesialkomiteen om valdgift. I 1903 var han medlem av deputasjonen Stortinget sende til opninga av Ofotbanen.

Han døydde i Kristiania i 1913.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914