Thore L. Braut

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Thore L. Braut

Fødd7. juni 1878
Død11. juli 1923 (45 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar
Alle verv

Thore Larsson Braut (7. juni 187811. juli 1923) var ein norsk lærar, gardbrukar og stortingsmann frå Klepp. Han representerte VenstreStortinget.

Braut var son til ein gardbrukar på Braut i Klepp. Sjølv tok han sersjanteksamen i 1898, og etter ein ny eksamen to år seinare var han sersjant i saniteten. Etter å ha teke eksamen ved Elverum lærarskule i 1903, var han lærar ved ein amtsskule i to år. I 1906 tok han over farsgarden og vart same året tilsett lærar ved Jæren Folkehøgskule. I 1915 vart han vald til formann i Norigs Folkehøgskulelærarlag.

Braut var varaordførar i Klepp frå 1910, deretter ordførar 1913-16. Dei to valbolkane frå 1913 til -18 representerte han einmannskrinsen Jæderen og partiet Venstre på Stortinget. Han var medlem av jarnbanekomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]