Thore Myrvang

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Thore Myrvang

Fødd21. januar 1858
Tynset kommune
Død9. juli 1939 (81 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre, Arbeiderdemokratene
Yrkelærar, bonde, politikar
Alle verv

Thore Embretsen Myrvang (21. januar 18589. juli 1938) var ein norsk lærar, gardbrukar og stortingsmann frå Tynset i Hedmark. I sine år på Stortinget representerte han Venstre fram til 1903, sidan Arbeiderdemokratene. Han var bror til Tore Aaen.

Myrvang var son til ein gardbrukar i Tynset. Han vart seminarist frå Hamar i 1877, deretter var han lærar i Stor-Elvdal. År 1896 kjøpte han gard i Stor-Elvdal og var sidan gardbrukar òg. Han var medlem av heradsstyret i mange år, ordførar 1901-04.

Myrvang representerte Hedemarkens amtStortinget 1895-1906, heldt fram 1906-09 som representant for einmannskrinsen Søndre Hedemarken. 1895-97 var han medlem av næringskomite nr 2, 1898-1900 sekretær i same. Sekretær i Odelstinget 1898-1909, medlem av valkomiteen 1900-09. Frå 1900 var han også medlem av kyrkjekomiteen, 1905-09 sekretær i same.

Myrvang var landsstyremedlem av Arbeiderdemokratene og av landsforeininga for krinssjukekassene. Også medlem av ein departemental komite om valdgift i arbeidstvistar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]