Thore Westermoen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Thore Westermoen
Fødd 17. september 1949

Mandal

Parti Kristeleg Folkeparti

Thore Westermoen (fødd 17. september 1949) i Mandal) var fylkesordførar i Vest-Agder fylke frå 1999, då han etterfylgte Kjell Svindland i vervet. Han vart valt på nytt i 2003 og i 2007 og sat til 2011. Westermoen representerer Kristeleg Folkeparti.

Westermoen er utdanna siviløkonom frå Norges Handelshøgskule i 1973 og byrja deretter som lærar ved Hallingdal gymnas. I 1978 vart han økonomikonsulent i Vest-Agder fylkeskommune. Frå 1980 til 1986 var han kontorsjef i Mandal kommune. I denne perioden, frå 1983 til 1985, var han også personleg rådgjevar for olje- og energiminister Kåre Kristiansen. Etter at han slutta i Mandal kommune, arbeidde han som administrasjonssjef hos Applica (tidlwegare Siv.ing. Kjell G. Knutsen as) til han var fylkesordførar i 1999.

I 1979 vart han valt inn i Mandal bystyre, men vart friteken då han vart kontorsjef i kommunen. Frå 1983 til 1991 og deretter frå 1999 har han vore medlem av Vest-Agder fylkesting. Han har også vore lokallagsleiar i Mandal KrF og i styremedlem i Vest-Agder KrF.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]