Thorolf Bugge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Thorolf Bugge
Fødd1. oktober 1879
Død21. mai 1935 (55 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet, Norges Kommunistiske Parti
Yrkefagforeiningsleiar, politikar
FarJohan Carl Bugge
EktefelleKathrine Bugge
Alle verv

Thorolf Bugge (1. oktober 187921. mai 1935) var ein norsk fagforeiningsmann og politikar fødd i Heddal. Tingbolken 1922–24 representerte han Arbeidarpartiet og sidan Norges Kommunistiske PartiStortinget, vald frå Finnmark fylke.

Bugge var son til ein distriktslege. Sjølv utdanna han seg ved den tekniske skulen i Bergen. Frå 1898 var han tilsett ved postkontoret i Vardø, der han 1901–06 fungerte som postmeister medan Adam Egede-Nissen møtte på Stortinget. Etter den tid dreiv Bugge gardsbruk og arbeidde for gruveselskapet Sydvaranger. I 1907 og 1908 leidde han fagforeininga Nordens Klippe, men vart svartlista for si aktivisme. Han dreiv så gardsbruket til 1916. Deretter var han styrar av forsyningsnemnda i Sør-Varanger kommune og frå 1917 kommunesekretær. Han flytta då til Kirkenes.

Bugge var med i formannskapet i Sør-Varanger frå 1910 til 1922, perioden 1910–16 også skulestyremedlem. Hausten 1921 vart han vald til stortingsmann for Finnmark og Det norske arbeidarparti. På Tinget var han medlem i Samferdslekomiteen. Hausten 1923 var han ein av dei som braut med Arbeidarpartiet og danna NKP. Ved dei fire stortingsvala åra 1924 til –33 stod han på fyrsteplassen til NKP i Finnmark, utan å verte attvald.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]