Thorvald Meyer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Thorvald Meyer

Statsborgarskap Noreg
Fødd 23. september 1818
Christiania
Død

3. februar 1909 (90 år)
Christiania

Yrke forretningsdrivande
Far Jacob Peter Meyer

Thorvald Meyer (23. september 18183. februar 1909) var ein norsk forretningsmann frå Kristiania.

Meyer var son til ein trelasthandlar, Jacob Peter Meyer, og Ingeborg Marie Barth Muus. Gjennom arv og trelasthandel vart han ein rik mann. I 1850-åra kjøpte han store areal mellom Akerselva og Trondheimsvegen i Kristiania. Han selde desse areala ut att til tomter og var sidan ein av dei rikaste personane i heile Noreg.

Meyer var gift med Annichen Mathea Tofte, dotter til Oslos fyrste ordførar, Andreas Tofte. Han vart far til fire jenter som i si tid gift med fire av dei rikaste kaksane og mektigaste karane i den norske hovudstaden: Ingeborg (1843–1882), gift med Herman S. Løvenskiold, Mathea («Thea») (1846–1922), gift med Christian H. Schweigaard, Ragnhild (1849–1937), gift med Axel Heiberg, og Mathilde («Mimi») (1852–1932), gift med Herman Wedel-Jarlsberg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]