Thorvald Olsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Thorvald Olsen
Fødd29. februar 1820
Død28. november 1882 (62 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar
FarAndreas Olsen
Alle verv

Thorvald Olsen (29. februar 182028. november 1882) var ein norsk jurist og embetsmann frå Bergen, stortingsmann 1851 og 1877-79. Andreas Olsen var far hans og Rolf Olsen ein eldre bror.

Thorvald Olsen vart student frå Skien skule i 1838 og var ferdig utdanna cand.jur. i 1843. Der etter var han fullmektig hos byfuten i Larvik i fire år og sidan på Bratsberg amtskontor i Porsgrunn i seks år. Frå 1853 til 1873 var han underrettssakførar i Larvik. I 1873 fekk han stillinga som sorenskrivar og byfut i Flekkefjord. Frå 1880 var han sorenskrivar i Nes i Akershus, døydde på sorenskrivargarden i Ullensaker allereie to år etter han kom dit.

Olsen var Porsgrunn by sin representant på Stortinget i 1851 og kjøpstaden Flekkefjord sin representant perioden 1877-79. I 1851 var han sekretær i Lagtinget og medlem i Justiskomite nr 1 og i Lovkomiteen, medan han 1877-79 var medlem i Lagtinget og i Budsjettkomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]