Those Who Are About to Die Salute You

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Those Who Are About to Die Salute You
Studioalbum av Colosseum
Utgjeve Mars 1969
Innspelt Vinteren 1968/69
Sjanger Jazzfusion, progressiv rock
Lengd 39:38
Selskap Fontana (Storbritannia)
Dunhill (U.S.)
Produsent Tony Reeves, Gerry Bron
Colosseum-kronologi
Those Who Are About to Die Salute You Valentyne Suite
(1969)


Those Who Are About to Die Salute You - Morituri Te Salutant er debutalbumet til den britiske rockegruppa Colosseum, gjeve ut i 1969 på Fontana. Det er rekna som eit av dei første albuma innan jazzfusion.[1] Tittelen er ei omsetjing av det latinske omgrepet morituri te salutant som gladiatorar skal ha sagt til keisaren før ein gladiatorkamp.

Albumet nådde 15. plassen på UK Albums Chart.[2]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Songen «Debut» var den aller første songen Colosseum spelte i lag som ei gruppe.[3] Tony Reeves sa seinare at songen var ein frase som han hugsa at Mick Taylor spelte med John Mayall, og at han endra det litt til ei basslinje.[4]

«Mandarin» byrja frå ei rekkje skisser av Dave Greenslade, basert på ein japansk skala. Tony Reeves sette saman skissene til eit hovudtema og arrangerte songen.[3]

«Beware the Ides of March» låner eit tema frå fugen «Toccata og fuge i d-moll» av Johann Sebastian Bach (Bach BWV 565), som er same fuge som «Whiter Shade of Pale» av Procol Harum er basert på.

Colosseum spelte òg inn «I Can't Live Without You», som kom ut i 2004 som eit bonusspor på albumet.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg [5]

Allmusic kalla albumet «eit mektig eitt, som sette fri den musikalske dugleiken til kvart medlem og sette det saman til ein eksplosiv straum av progressiv jazzrock.» Dei nemnte vidare variasjonen på albumet og kor unik kvar song var og konkluderte «albumet opprettheld intensiteten og kreativiteten heile vegen».[5]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Britisk utgåve[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Walking in the Park»Graham Bond3:51
2.«Plenty Hard Luck»Greenslade/Heckstall-Smith/Hiseman/Litherland/Reeves4:23
3.«Mandarin»Reeves/Greenslade4:27
4.«Debut»Greenslade/Heckstall-Smith/Hiseman/Reeves6:20
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
5.«Beware the Ides of March»Greenslade/Heckstall-Smith/Hiseman/Reeves5:34
6.«The Road She Walked Before»Heckstall-Smith2:39
7.«Backwater Blues»Leadbelly7:35
8.«Those About to Die»Greenslade/Heckstall-Smith/Hiseman/Reeves4:49
Bonusspor på 2004-utgåva
Nr.TittelLengd
9.«I Can't Live Without You» (studioopptak)4:16
10.«A Whiter Spade Than Mayall» (Top Gear-opptak, spelt inn 12. desember 1968)4:51
11.«Walking In The Park» (Radioopptak for Symonds on Sunday, spelt inn 24. februar 1969)3:44
12.«Beware The Ides Of March» (Radioopptak for Symonds on Sunday, spelt inn 24. februar 1969)4:09
13.«Plenty Hard Luck» (Radioopptak for Symonds on Sunday, spelt inn 24. februar 1969)2:42
14.«Walking In The Park» (BBC Top of the Pops, med røysta til Brian Matthews.)3:16

Ameriansk utgåve[endre | endre wikiteksten]

I USA kom albumet ut i juli 1969 på Dunhill med eit anna innhald og eit anna plateomslag.[6]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«The Kettle»Dick Heckstall-Smith/Jon Hiseman4:15
2.«Plenty Hard Luck»Greenslade/Heckstall-Smith/Hiseman/Litherland/Reeves4:20
3.«Debut»Greenslade/Heckstall-Smith/Hiseman/Reeves6:13
4.«Those Who Are About to Die, Salute You»Greenslade/Heckstall-Smith/Hiseman/Reeves4:47
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
5.«Valentyne Suite
  1. «Valentyne Suite Theme One: January's Search»
  2. «Valentyne Suite Theme Two: February's Valentyne»
  3. «Valentyne Suite Theme Three: Beware the Ides Of March»»

Greenslade/Hiseman
Greenslade/Hiseman
Heckstall-Smith/Hiseman
15:18
6.«Walking in the Park»Graham Bond3:49

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre medverkande

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Joynson, Vernon (1995). The Tapestry of Delights. London: Borderline Books.
  2. Colosseum chart history, The Official Charts. Henta 3. januar 2021.
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 Hiseman, Jon (1969). Platomslaget til Those Who Are About to Die Salute You.
  4. July 2003. Interview with Tony Reeves, Let it Rock.
  5. 5,0 5,1 Those Who Are About to Die Salute YouAllmusic
  6. Those Who Are About to Die Salute You discographic information, Discogs. Henta 3. januar 2021.