Hopp til innhald

Three Dog Night

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Three Dog Night

Aktiv1967–
Sjangerrock
PlateselskapDunhill, Columbia Records, Epic Records

Three Dog Night er ei USA-amerikansk musikkgruppe som var aktiv frå 1967 til 1976 innom sjangeren rock.

Gruppa vart danna i 1967 av vokalistane Chuck Negron, Cory Wells og Danny Hutton. Dei fekk med seg Jimmy Greenspoon på tangent-instrument, Joe Schermie på bassgitar, Michael Allsup på gitar og Floyd Sneed på trommer. Tre av gruppa sine singelplater nådde førsteplassen på Billboard 40. Three Dog Night spelte inn mange songar skrivne av eksterne låtskrivarar, noko som gjorde det store publikum kjent med toneskaparar som Harry Nilsson, Randy Newman («Mama Told Me Not to Come»), Paul Williams, Laura Nyro og Hoyt Axton, den siste ansvarleg for «Joy to the World», gruppas meste kjende verk.

Frå 1981 var eit restaurert Three Dog Night aktivt med konsertar og musikk-utgjevingar.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Three Dog Night