Thrond Sjursen Haukenæs

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Thrond Sjursen Haukenæs
Fødd 4. mars 1840
Død

14. november 1922

Yrke folklorist

Thrond Sjursen Haukenæs (fødd 4. mars 1840 i Granvin i Hardanger, død 1922) var ein norsk folkeminnesamlar og ein svært flittig forfattar, forleggjar og kolportør av eigne bøker. Han kom frå garden Haukanes i fjorden mellom Granvin og Folkedal.

Haukenæs starta som sauegjetar hos foreldra sine, og var deretter i fleire år med på sildefiske, innimellom reiste han rundt som kolportør og selde bøker.

I 1871 gifta seg han seg med Kristi Gjertsdotter Aalvik (f. 1849) frå Ålvik. Haukenæs tok til som handelsmann på Eide i Granvin saman med kameraten, Rikoll Eide. Dei to skilde etter kvart lag som forretningsdrvande og Haukenæs vart deretter styrar av Graven Forbrugsforening. Han utvida forretninga med postopneri, skysstasjon og hotell. Forbruksforeininga fekk økonomiske problem. Haukenæs overtok då verksemda til bokført verdi, og heldt fram i privat regi.

Folkeminnesamlar[endre | endre wikiteksten]

Etter å ha møtt Peter Chr. Asbjørnsen under samlingsferda hans i Hardanger, sommaren 1870, slo òg Haukenæs inn på samling av eventyr, segner og andre folkeminne rundt om i distriktet. I 1882 skreiv han ei oppfordring i fleire vestlandaviser om å få folk i «Harddanger, Voss og tilstøytande bygdelag» til å senda han manuskriptsamlingar med munnleg tradisjonsstoff.

I 1883 gjekk forretningane hans konkurs, og han tapte samstundes heile den store boksamlinga si. Kombinasjonen av materiell naud og dårlege utsikter gjorde at Haukenæs like godt slo inn på det han hadde mest lyst til, nemleg å dyrka sin nye hobby, innsamling og utgjevingar av folkeminne. Haukenæs viste seg uhyre produktiv, men kjende seg ikkje trygg i rettskriving. Han hadde berre omgangsskulen. Jon Nilsson Skaar frå Botnen, hjelpte til med korrektur og redigering av dei første bøkene i serien Natur, Folkeliv og Folketro i Hardanger, Voss og Søndhorland

Haukenæs vitja i 1890 den kjende folkeminnesamlaren Peder Fylling på heimstaden hans i Skodje. Ferdaskildringa frå turen vart trykt i Sunnmørsposten.[1]

Forfattar og utgjevar[endre | endre wikiteksten]

I ein serie på 11 bøker skreiv Haukenæs ned opplysningar om natur, folkeliv og folketru i Hardanger, Sunnhordland og Voss. Han skreiv òg ein sjølvbiografi, og minner frå oppveksten. Somme bøker selde godt, andre tapte han pengar på. Opplaga var ganske små, og fleire uhell gjorde at bøkene hans etter kvar vart mest uråd å få tak i. Nokre bokkasser med dei første bøkene hans brann opp, då sjøbuene i Granvin bann i 1885. Ei større boksending gjekk ned med dampskipet «Ole Bull», i forliset utanfor Volda i 1888. Dette og fleire andre omstende gjorde at bøkene til Haukenæs oppnådde gode prisar i antikvariata og på auksjonar, alt medan forfattaren levde. I dag er Haukenæs-bøkene svært vanskeleg å få tak i, det finst berre nokre få komplette samlingar i privat regi, og Nasjonalbiblioteket manglar fleire titlar.

Haukenæs gjorde det godt som forfattar og 17. mai 1899 kunne han og familien flytta inn i den nye, heimen sin Solbakken på Eide i Granvin, oppkalla etter Bjørnstjerne Bjørnson sin bonderoman om Synnøve Solbakken. Haukenæs gav ut til saman 51 bøker på 31 år. Eit par år før han døydde løyvde Stortinget han pensjon.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Tidsskrift for Sunnmøre historielag, årgang 43-44. (1967-1968).