Thule Island

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Thule Island
øy
Land  Storbritannia
Del av Southern Thule
Høgd 1 074 moh.
Koordinatar 59°27′S 27°18′W / 59.450°S 27.300°W / -59.450; -27.300
Areal 5,5 km²
Folketal Ingen
Øygruppe Sør-Sandwichøyane
Kart
Thule Island
59°26′S 27°23′W / 59.44°S 27.38°W / -59.44; -27.38
Plasseringa til Thule Island
Plasseringa til Thule Island
Plasseringa til Thule Island
Wikimedia Commons: Thule Island

Thule Island, òg kalla Morrell Island, er ei av dei sørlegaste av Sør-Sandwichøyane, og ein del av gruppa som vert kalla Southern Thule. Ho vart kalla opp etter det mytiske landet Thule, som av geografar i antikken vart sagt å ligge heilt ytst på jorda. Det alternative namnet Morrell Island er kalla opp etter Benjamin Morrell, ein amerikansk oppdagar og kvalfangarar.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Thule Island er nesten trekantforma og har eit areal på 5,5 km² og ein 3 km lang landtunge strekkjer seg søraustover. Dei bratte sidene går opp til eit 2 km langt og 1,5 km breitt krater på toppen av Mount Larsen på 710 meter over havet. Mount Larsen er kalla opp etter polfararen og kvalfangaren Carl Anton Larsen. Utanfor søraustenden ligg den vesle øya Twitcher Rock, det sørlegaste landområdet på jorda før Antarktis og øyane utanfor kontinentet.

Thule Island ligg nær Cook Island og Bellingshausen Island. Ein trur at Thule og Cook kan ha vore ei enkel øy tidlegare, og det er spor etter eit undersjøisk krater mellom dei to. Damp frå kratersjøen på toppen og oske i sida vart rapportert i 1962. Vulkansk varme gjer at krateret på Thule Island er fri for is. Toppen av øya er 1074 meter over havet.

Argentinsk okkupasjon[endre | endre wikiteksten]

Den argentinske sommarstasjonen Teniente Esquivel på Thule Island i 1955.
Den argentinske rstasjonen Corbeta Uruguay på Thule Island i 1981.

For å forsvare kravet sitt over Sør-Sandwichøyane oppretta Argentina ein sommarstasjon, Teniente Esquivel ved Ferguson Bay på søraustkysten av Thule Island den 25. januar 1955. Stasjonen måtte evakuerast i januar 1956 på grunn av eit vulkanutbrot. I 1976 vart det oppretta ein militærbase på Thule Island kalla Corbeta Uruguay (Port Faraday) på søraustkysten av øya. Britane oppdaga den argentinske basen i 1976, men valde å prøve å løyse konflikten på diplomatisk vis fram til 1982. Basen vart okkupert av britiske styrkar etter Falklandskrigen og vart øydelagd i 1982.[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]