Thulekulturen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arkeologisk funnstad frå Thule-kulturen.
Utbreiing av dagens inuittspråk i Nord-Amerika.

Thulekulturen er eit arkeologisk omgrep for det arktiske Thule-folket som ein kallar forfedrane til alle moderne inuittar i Canada, Alaska og på Grønland.

Namnet «Thule »kjem frå staden Thule (flytta og omdøypt til Qaanaaq i 1953) i nordvestlege Grønland, der ein fann dei første arkeologiske spora frå dette folket. Sambandet mellom Thule-folket og inuittane er biologisk, kulturell og språkleg.

Thule-folket kom over Beringsundet til Alaska ein gang i tida 500 e.Kr., og til Nunavut i Canada ein gong rundt 1000 e.Kr. Ei gruppe flytta seg austover til Grønland i løpet av 1200-talet. Thule-folket spreidde seg over heile det arktiske Nord-Amerika, og fram til moderne tid har kulturen deira vore oppsiktsvekkande einsarta med eit tradisjonelt levesett basert på fisk og pattedyr i havet og på land for mat, varme, lys, klede, reiskap og ly. Thule-folket erstatta Dorset-kulturen i løpet av 1400-tallet.

Kjenneteikn og leivningar[endre | endre wikiteksten]

Vinterbustadane til Thule-folk hadde stort sett eitt til fire hus med rundt ti menneske i kvart hus. Nokre større busetjingar kan ha hatt fleire enn eit dusin hus, men det var neppe meir enn rundt femti innbyggjarar der til same tid. Husa blei bygde av kvalbein frå sommarjakta, men dei laga også andre typar bustader, mellom anna telt.

Nokre Thule-folk vandra sørover i den såkalla «andre ekspansjonen» eller «andre fasen» til kulturen. I løpet av 1200-talet eller 1300-talet hadde Thule-kulturen strekt seg utover eit område som tilsvarar det området i nordamerikansk Arktis som dagens inuittar har.

Det finst ein del spor som støttar trua på at Thulefolket, og i mindre grad òg Dorsetkulturen, hadde sporadisk kontakt med den norrøne folkesetnaden på Grønland. I løpet av 1000-talet reiste dei norrøne grønlendarane til Nord-Grønland for å driva jakt og fiske, og av og til òg til kysten av Labrador i Canada for å henta trevirke. Større kontakt og kulturutveksling med europearar byrja først på 1700-talet, og saman med dei allereie øydeleggande effektane av Den vesle istida mellom 1650 og 1850, braut Thule-samfunna saman og folket blei deretter kjent som eskimoar og seinare som inuittar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]