Thumri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Thumri (hindi ठुमरी, ṭhumrī) er ein vokal musikksjanger eller stil innan nordindisk musikk.[1][2] Han er særleg knytt til kjærleiksdikt og folkesong frå Uttar Pradesh, men det finst regionale variasjonar.[3]

Tekstane i thumri er knytte til bhaktirørsla, som ofte uttrykker religiøse kjensler gjennom romantisk kjærleik. Dei tek ofte for seg tilhøvet mellom Radha og Krishna. Songaren held seg nøye til orda i teksten, men kan gå over frå den opphavlege ragaen til ein annan som han meiner passar til kjenslene i teksten, før han vender tilbake til den opphavlege ragaen.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «South Asian arts – Musical forms and instruments». Encyclopedia Britannica (på engelsk). Henta 10. februar 2020. The thumri is another North Indian vocal form and is based... 
  2. «Thumri | Encyclopedia.com». www.encyclopedia.com. Henta 10. februar 2020. 
  3. Ranade, Ashok Da. (1997). Hindustani Music. India: National Book Trust, India. s. 66. ISBN 81-237-2199-4. 
  4. «South Asian arts - Musical forms and instruments», Encyclopedia Britannica (på engelsk), henta 29. februar 2020 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Thumri med forklaring og døme ved chandrakantha.com