Thursday Afternoon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Thursday Afternoon
Studioalbum av Brian Eno
Språk inkje språkleg innhald
Utgjeve 1985
Innspelt 1984 & 1985
Sjanger Ambient
Lengd 61:00
Selskap Polydor
Produsent Brian Eno, Roger Eno, Daniel Lanois
Kritikk
Brian Eno-kronologi 
Begegnungen II
(1985)
Thursday Afternoon Hybrid
(1985)


Thursday Afternoon er eit album frå 1985 av den britiske ambient-musikaren Brian Eno som består av ein 61 minuttar lang komposisjon med same namn. Han er omarrangert frå musikken til ein videoproduksjon med same namn frå 1984.

Oversyn[endre | endre wikiteksten]

Etter innspelinga av Discreet Music i 1975 hadde Eno synt ei stor interesse i å skape musikk som kan påverke atmosfæren i rommet han vert spelt i, i staden for at musikken i seg sjølv har direkte fokus. Videoen Thursday Afternoon kom til som ei rekkje av sju «videomåleri» som ein kan sjå på utan at det krev full merksemd frå sjåaren. Kvart segment syner eit enkelt bilete som har vorte handsama med visuelle effektar, på liknande måte som musikken til Eno ofte består av enkle instrument som har vorte handsama med lydeffektar.

Musikken på dette albumet består av fleire spor med handsama piano og elektroniske teksturar. Laga i komposisjonen er fasa slik at forholdet dei i mellom heile tida endrar seg på liknande måte som på Discreet Music. Dette var òg eit av dei første albuma som tok nytte av den (då nye) utvida lengda på det nye CD-formatet, og inneheld berre eitt spor på 61 minuttar.

Teksten på plateomslaget er skriven av C. S. J. Bofop. Om ein byt ut bokstavane med dei som kjem føre, vert dette til B. R. I. Aneno.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

  1. «Thursday Afternoon» – 61:00

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]