Tiår

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Teikning som tek for seg 2000-åra.

Tiår eller decennium, desennium (frå latin decem, 'ti' og annum, 'år'), er ein periode på ti år. På norsk brukar vi helst ordet om ordet om eit kalendertiår, som 1980-åra, men i prinsippet kan eit tiår starta kva tid som helst og rekkja over to kalendertiår (som frå 2009 til 2018). Ein kan omtala kalendertiår som -åra eller -talet, men sistnemnde kan føra til forvirring ved det første tiåret av kvart hundreår (som 2000-åra2000-talet). Ei vanleg kortform er å ikkje ta med hundretalet, som «sekstiåra», men dette kan nokre gonger gje forvirring om kva hundreår ein sikter til.

Ein har særleg tala om kalendertiår frå 1800-talet av, og mange av dei har fått tilnamn, som «det glade tjuetalet», «det harde trettitalet» eller «det svingande sekstitalet».

Oversyn over tiår[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]