Tian Shan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tian Shan
Tian Shan - Fjelltoppen Khan Tengri (7 010 moh) ved solnedgang
Fjelltoppen Khan Tengri (7 010 moh) ved solnedgang
Høgd over havet Jengish Chokusu (7 439 moh)
Ligg i/på Kina, Pakistan, India, Kirgisistan og Kasakhstan
Koordinatar 42°N 80°EKoordinatar: 42°N 80°E
Bergartar frå Kenozoikum

Tian Shan (kinesisk 天山; Pinyin: Tiān Shān; «Himmelfjella»; uigurisk Tangri Tagh), òg ofte skrive Tien Shan, er ei fjellkjede i Sentral-Asia.

Namnet Tian Shan som stort sett er i bruk i dag, er ei kinesisk omsetjing av det uiguriske namnet, som kan gå tilbake til ein Xiongnu-namn, Qilian (祁连), omtalt av Shiji som heimlandet til Yuezhi. Dette er derimot vorte hevda[1] at dette refererer til ei fjellkjede 1500 km lenger aust som i dag heiter Qilian Shan. Ei nærliggande fjellkjede, Tannu-Ola-fjella (tuvinsk Таңды-Уула, Tangdy-Uula), tyder òg «Himmelfjellet».

Fjellkjeda ligg nord og vest for ørkenen Taklamakan i grenseområdet mellom Kasakhstan, Kirgisistan og provinsen Xinjiang i Kina. I sør glir fjella over i Pamirfjella. Ho strekkjer seg òg inn i Xinjiang og dei nordlege områda av Pakistan, der ho møter Hindu Kush.

I vestleg kartografi vert den austlege enden av Tian Shan sett til like vest for Ürümqi, medan rekkja aust for denne byen vert kalla Bogda Shan. I kinesisk kartografi frå Han-dynastiet og fram til i dag, vert Tian Shan rekna for å inkludere Bogda Shan og Barkolfjella.

Tian Shan er ein del av det orogeniske beltet rundt Himalaya som oppstod då den indiske og eurasatiske jordskorpeplata kolliderte i kenozoikum-perioden. Dei er ei av dei lengste fjellkjedene i Sentral-Asia og strekkjer seg 2 800 km austover frå Tasjkent i Usbekistan.

Den høgaste toppen i Tian Shan er Jengish Chokusu med ei høgd på 7 439 moh, som òg er det høgaste punktet i Kirgisistan og ligg på grensa til Kina. Det nest høgaste fjellet er Khan Tengri («Andane sin herre») på 7 010 moh, som ligg på grensa mellom Kasakhstan og Kirgisistan. Fjellklatrarar klassifiserer desse to som dei nordlegaste toppane i verda over 7 000 meter.

Torugart-passet ligg på grensa mellom Kirgisistan og Xinjiang i ei høgd på 3 752 moh. Dei skogkledde Alataufjella, som ligg i dei lågare nordlege delane av Tian Shan, er busett av folk som talar tyrkiske språk. Dei største elvane som spring ut frå Tian Shan er Syr-Darja, Ili og Tarim. Aksuravinen er ein attraksjon nordvest i Tian Shan.

Ein av dei første europearane ein kjenner til som først vitja og skildra Tian Shan i detalj var den russiske utforskaren Peter Semenov i 1850-åra.

Økologi[endre | endre wikiteksten]

Tian Shan inneheld viktige skogar med Schrenkgran (Picea schrenkiana) i høgder over 2 000 meter. Dei lågare fjellsidene har unike naturlege skogar med vill ekte valnøtt- og epletre.

Kinesisk religion[endre | endre wikiteksten]

I taoismen meiner ein at gudinna av vesten vaktar over ferskentrea av udødelegdom i Tian Shan.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Tian Shan» frå Wikipedia på engelsk, den 13. januar 2008.
  • The Contemporary Atlas of China. 1988. London: Marshall Editions Ltd. Reprint 1989. Sydney: Collins Publishers Australia.
  • The Times Comprehensive Atlas of the World. Eleventh Edition. 2003. Times Books Group Ltd. London.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Xinru Liu, Migration and Settlement of the Yuezhi-Kushan: Interaction and Interdependence of Nomadic and Sedentary Societies (2001) [1]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Tian Shan