Tiberøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tiberøya sett frå søraust.
Tiberøya frå 1593.

Tiberøya (italiensk Isola Tiberina, latin: Insula Tiberina) i Roma i Italia er den einaste øya i elva Tiber. I den sørlege svingen av Tiber er det ei båtforma øy som er om lag 270 meter lang og 67 meter brei på det breiaste. Øya har alltid vore assosiert med medisin. I antikken låg tempelet for Asklepios, den greske guden for medisin og læking, og framleis ligg det eit sjukehus her.

Sidan øya har vore forbunde til resten av Roma via to bruer sidan antikken har ho stundom berre vorte kalla Insula Inter-Duos-Pontes («øya mellom to bruer»). Ponte Fabricio, den einaste originale brua i Roma, går til øya frå nordaust til Campus Martius i bydelen Sant'Angelo. Brua Ponte Cestio, der berre enkelte delar av den opphavlege brua er att, går frå øya til Trastevere på sørsida.

Segn[endre | endre wikiteksten]

Opphav[endre | endre wikiteksten]

I følgje ei segn skal liket den mykje hata tyrannen Tarquinius Superbus (510 f.Kr.) ha vorte kasta i Tiber av sinte romarar. Han vart liggande på botn, der skit og slam samla seg opp rundt han og skapte øya. Ei anna utgåve av segna er at folket samla i saman alt kornet til tyrannen og kasta det i Tiber, der det til slutt danna øya.

På grunn det dystre opphavet rekna romarane øya som ein stad for dårlege varsel. Fram til tempelet vart bygd gjekk ingen i land på øya og berre dei verste kriminelle og folk med smittsame sjukdomar vart forvist til øya resten av livet sitt.

Basilika di San Bartolomeo all'Isola på Tiberøya

Asklepiostempelet[endre | endre wikiteksten]

Vestsida av Tiberøya. Travertinsteina gjev øya den karakteristiske forma.
Sørvestsida av øya.

Ei segn fortel at i 293 f.Kr. var det ein stor pest i Roma. Etter å ha rådspørja Sibyllen vart det romerske senatet bede om å byggje ei tempel til Asklepios, den greske lækjarguden og sende ein delegasjon til Epidauros for å få ein statue til heilagdomen. Romarane fekk tak i ein slange i tempelet, som krølla seg rundt masta på skipet og dette vart sett på som eit godt teikn. Då dei kom tilbake for slangen av båten og sumde i land på øya. Dette vart sett på som guden sitt eige val på kor tempelet skulle stå. Tempelet vart bygd her og pesten enda.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Øya vart så knytt opp til tempelet og segna at romarane etter kvart nytta travertinstein til å forme øya som eit skip, og ein obelisk vart reist på midten for å symbolisere masta til skipet. Det vart bygd murar rundt øya og til slutt likna ho på eit romersk skip.

Inngangen til sjukehuset Fatebenefratelli (Ospedale Fatebenefratelli)

Etter kristendomen kom til Roma vart obelisken erstatta av ei søyle med ein kross på toppen. Etter søyla vart øydelagd i 1867 fekk pave Pius IX bygd ein ædikula, kalla «Spiret», på staden. Dette monumentet, utforma av Ignazio Giacometti, er dekorert med statuar av dei fire helgenane som er forbunde med øya: St. Bartolomeus, St. Paulinus av Nola, St. Francis og St. Johannes. Delar av obelisken er i dag i eit museum i Napoli.

I 998 fekk keisar Otto III av Det tysk-romerske riket bygd ein ny basilika kalla San Bartolomeo all'Isola over ruinane av Asklepiostempelet. Denne vart tileigna venen hans, martyren Adalbert av Praha og namnet til Bartolomeus vart lagt til seinare.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 41°53′27″N 12°28′38″E