Tibet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tibet
拷贝 (70097727).jpeg
Land Flag of the People's Republic of China.svg Folkerepublikken Kina

Tibet
29°39′ N 91°6′ E
Wikimedia Commons: Tibet
Kart over det historiske Tibet

Tibet er eit område som er styrt av Folkerepublikken Kina. Hovudstaden i Tibet er byen Lhasa. Regionen vart invadert av kinesiske styrkar i 1950. På tibetansk vert området kalla Bod og av kinesarane Xizang. Landområdet dekkjer 471 700 km². Området ligg høgt over havet omgjeve av høge fjell. I sør er Himalaya og elva Brahmaputra. Gjennomsnittshøgda i landskapet er 4 900 meter over havet. Tibet grensar til dei kinesiske provinsane Szechuan, Yunnan, Tsinghai og Sinkiang Uighur. Av andre land grensar Tibet til India (Jammu og Kashmir), Nepal, Bhutan og Myanmar. Området er rikt på mineral, men økonomien er trass i dette lite utvikla. Området har hatt få vegar, men kinesarane har gjort ein del for å modernisera infrastrukturen.

Lhasa-dalen i Tibet

Sidan 1959 har tibetanarar i eksil, leia av den fjortande Dalai Lama, oppretthalde ei eksilregjering. Regjeringa har sete nord i India. Regjeringa meiner at dei har styringsrett over Tibet, etter dei historiske grensene til Tibet, og ikkje etter grensene til den kinesiske provinsen Tibet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Tibet
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.